Ifølgje avisa The Telegraph skal åtte noverande og tidlegare managerar i Premier League ulovleg ha teke imot pengar i samband med spelarovergangar.
Avisa har i ti månader granska påstått korrupsjon i engelsk fotball. Mellom anna ved hjelp av journalistar som har jobba «undercover» har dei avslørt det dei kallar omfattande korrupsjon, mykje av det filma med skjult kamera.
– Gjennom mange møte og samtaler har vi avslørt ei rekke tilfelle av korrupsjon, skriv avisa.
The Telegraph opplyser at dei har bestemt seg for å senda alt relevant materiale over til FA (det engelske fotballforbundet) og til politiet.
Avisa nemner ingen namn blant dei åtte managerane. I tillegg skal også to managerar i Championship (nest øvste liganivå) ha akseptert ulovleg betaling. Ein annan skal ha kravd deler av lønna frå sine eigne spelarar etter å ha hjelpt dei til meir lukrative kontraktar.
Seinare denne veka vil avisa offentleggjere namnet på ein assisterande manager i ein leiande klubb, filma medan han aksepterer å ta imot 5000 pund i kontantar frå journalistar som gir seg ut for å vere representantar for eit firma i Asia.
Det var eit slikt forretningsmøte som førte til at Sam Allardyce måtte gå av i går.
The Telegraph har mellom anna snakka med den italienske agenten Giuseppe Pagliara, som kan fortelje fleire historier om sine forhandlingar med menagerane.
– Er det noko som er påliteleg, så er grådigheita til managerane, sa Pagliara. – Og eg som trudde at det var italienarane som var korrupte. Men er er det endå verre.
Pagliara er såkalla ulisensiert agent, som i 2005 blei utestengd i fem år for medverknad til kampfiksing.
Seinare, då han blei konfrontert med at det var journalistar han hadde uttalt seg til, nekta han for at han hadde vore med på noko ulovleg.
– Eg fabrikkerte historiene i håp om å sikre meg lukrative avtaler med det eg trudde var eit firma, sa Pagliara.