Sjå heile resultatlista nederst i saka.
– Folk har ofte sagt at eg ikkje er glad nok for sigrane mine, og i dag ville eg berre dele gleda mi med publikum, seier Fourcade til NRK.
Martin Fourcade har vore den suverent beste skiskyttaren dei siste åra, og har vunne verdscupen samanlagt dei fem siste åra.
I laurdagens jaktstart i Nove Mesto sette han på nytt resten av verdseliten på plass, og tok samtidig med seg ein ny rekord. Johannes Thingnes Bø blei beste nordmann på 5. plass.
Fourcade er no den einaste som har vunne seks verdscupsigrar før jul.
– Det er heilt utruleg å vere so suveren, seier NRKs skiskytterekspert Ola Lunde.
Bomma på pallen
Emil Hegle Svendsen skulle gå ut som nummer tre på laurdagens jaktstart, men reiste heim att på grunn av ei forkjøling. Dermed var det Johannes Thingnes Bø som gjekk først ut av dei norske.
Men framom seg hadde han Martin Fourcade og Anton Sjipulin.
Thingnes Bø hang lenge med i kampen om sigeren, men på siste skyting blei det to bom, og då klarte han ikkje å komme på pallen.
– Eg burde vore på pallen, so eg er skuffa over femteplassen. Det er for dårleg, enkelt og greitt, seier Thingnes Bø til NRK.
– Eg var sliten. Eg opna hardt, og då blir det verre og verre utover løpet, fortset Bø.
Mista børsa
På den andre skytinga gjekk det kanskje litt raskt føre seg for Thingnes Bø.
– Då eg skulle slenge børsa på ryggen, kasta eg den berre bak meg. Det gler eg meg til å sjå på film, for det må ha sett passe dumt ut.
Landslagstrenar Egil Kristiansen trur Thingnes Bø har mykje å gå på formmessig.
– Han er ikkje på sitt skarpaste, men han er med der og kjemper. Eg trur forma er sånn medium, fortel Kristiansen til NRK.
Han trur også at opninga til Bø kan ha vore litt for hard.
– Han opna hardt, og tok inn mykje. Det var kanskje i det hardaste laget. Han går bra på ski, men det blir litt for mange bom, då er det umogleg å henge med i toppen
– Han er uslåeleg
Trass eit godt forsprang, vil ikkje Fourcade seie at han har avgjort verdscupen samanlagt endå.
– Eg har for mykje respekt for konkurrentane mine til å tru at eg allereie har vunne verdscupen, seier Fourcade.
Skiskytterkongen Ole Einar Bjørndalen enda på 12.-plass på laurdagens jaktstart, og måtte igjen sjå seg slått av Martin Fourcade.
– Han er suveren. Det er heilt fantastisk å sjå på. Han er uslåeleg om dagen, seier Bjørndalen til NRK.
Bjørndalen er derimot ikkje særleg nøgd med eigen prestasjon
– Eg har ikkje noko form i kroppen, det er heilt daudt.
– Kva skal du gjere for å finne att forma?
– Eg skal ete mykje svineribbe, ler Bjørndalen.