Graabak starta langrennsdelen som nummer 14, og hadde nesten 50 sekund å hente på Takehiro Watanabe, som låg på tredjeplass etter hopprennet.
I løypa var han sterk, og saman med Magnus Krog og Jan Schmid fekk han kjapt kontakt med gruppa som kjempa om tredjeplassen. Med to kilometer igjen sette han inn eit rykk og fekk luke på Luka Klapfer. Den heldt han heile vegen til mål.
Rennet vart vunne av Bernhard Gruber, som hadde gode ski og gjekk fort i løypa. I mål var han 37 sekund framfor Eric Frenzel, medan Graabak var 46 sekund bak i mål.
Verdscupleiar Frenzel hadde saman med dei andre tyskarane bomma totalt med skia, og trass i at han gjekk ut i front var han sjanselaus på å halde følgje med Gruber.