– Det er ikkje slik verda er, meiner Torp som kommenterte kampen for NRK.
For vegen mot EM i England har vore relativt lett for det norske landslaget. 6–0 borte mot Nord-Irland i den første kampen, 13–0 borte mot Færøyane og 6–0 heime i returkampen mot Nord-Irland i Stavanger fredag fortel sitt.
Så enkelt vil det nok ikkje blir når EM i England blir sparka i gang.
– Vi er i ei svak gruppe. Vi må møte motstand, slik som vi vil møte i England, understrekar Torp.
Og det ønsker Ingrid Syrstad Engen seg også no i landslagspausen. Ho vedgår at det å møte for lett motstand kan gi utfordringar.
– Ja, viss vi tenker at vi er mykje betre enn alle andre. Det er viktig at vi ikkje undervurderer andre og spelar som i dag. Har vi ro, men samtidig er effektive på sjansane våre, så skal det nok gå bra.
Kaptein Maren Mjelde er likevel ikkje veldig bekymra.
– Nei, det er eg ikkje. Vi veit at vi er i kvalifisering. Veldig lyst å kome til EM, dess raskare vi gjere det, så vil vi bli meir og meir attraktive for dei beste laga òg, seier Mjelde.
Hadde full kontroll
Landslagssjef Martin Sjögren var sjølvsagt mest lykkeleg over nok ein solid landskamp av dei norske damene.
– Kjempefornøgd. Nord-Irland kom aldri inn i denne kampen. Og så vil vi også vinne gjennom gode prestasjonar, og eg synst vi står fram på ein veldig god måte, seier svensken til NRK.
Nøgd var også Caroline Graham Hansen etter kampen.
– Det gjekk kjempebra. Veldig gøy å spele når det er slik.
Lisa-Marie Karlseng Utland opna målfesten med to mål før eit kvarter var spelt av kampen.
– Vi styrer heile kampen. Spesielt i andre omgang. Det er veldig artig å spele då.
To raske mål av Utland
Det skulle ikkje gå meir enn litt over to minutt ut i kampen før Norge gjekk opp i leiinga.
Norge får hjørnespark og ballen hamnar hjå Karina Sævik. Ho legg inn til ei umerka Lisa-Marie Karlseng Utland, som enkelt plasserer ballen forbi målvakt Flaherty.
Knapt ti minutt seinare kan Utland stange inn si andre scoring for kvelden.
Norge kontrollerte det meste av omgangen, men fleire mål vart det ikkje i den første omgangen.
Men etter sidebyte heldt den norske målfesten fram. Barcelona-proff Caroline Graham kom med ei flott pasning til Guro Reiten, som smell ballen opp i det nærmaste krysset.
To minutt seinare er det Ingrid Syrstad Engen som melder seg på målfesten og headar inn hjørnesparket frå Reiten.
Like før klokka passerte 70 minutt kom også den første fulltreffaren av Caroline Graham Hansen. Ho putta sitt 36 landslagsmål.
Og før dommaren bles i fløyta skulle det blir meir. På overtid scora Barcelona-proffen sitt landslagsmål nummer 37 og fastsette sluttresultatet til 6–0.
– Det er ein fin måte å avslutte landslagsåret på. Det er synd det er så lenge til vi møtast igjen. Det blir rart at vi ikkje skal sjåast på fire månader, avsluttar Mjelde.