– Han er mannen for dei store anledningar. Det er bare å gratulere, seier alpinlandslagets sportssjef Claus Ryste.
Salåmstjerna Henrik Kristoffersen (20) er ikkje bare yngste europacupvinnar og yngste OL-medaljevinner for menn.
No er han også mestvinnande i junior-VM-historia. Plassen øvst på lista deler han med Benjamin Raich.
Kristoffersen tangerte Raich då han vann storslalåmrennet på heimebane i junior-VM i Hafjell søndag.
– For norsk alpintsport er han ein inspirasjon. Han viser igjen at han leverer i meisterskap. Det er eit stort pluss, seier Ryste.
– Fett med rekordar
Med suveren margin tok den norske slalåmstjerna sitt femte junior-VM-gull.
Nummer to i konkurransen, sveitsiske Loic Meillard, blei slått med 96 hundredelar.
Kristoffersen kan passere Raich om han vinn slalåmkonkurransen måndag. Med seks gull vil han trone han aleine på toppen.
SUVEREN: Kristoffersen knuste konkurrentane i Hafjell.
Foto: Alexander Eriksson / Hafell Kvitfjell alpint/Norges SkiforbundFramtidig medaljegrossist
Kristoffersen vann sitt første junior-VM-renn for tre år sidan.
Då stod han øvst på pallen i storslalåm.
Deretter vann han kombinasjonen i 2013 og slalåm og storslalåm i 2014.
Alt tyder på at Kristoffersen er ein norsk medaljegrossist for framtidige seniormeisterskap.
Under VM-debuten i Beaver Creek var han bare to hundredelar unna å ta bronsemedalje.
Kristoffersens femte junior-VM gull kom på heimebane. Sportssjef Ryste utelukkar ikkje at den unge stjerna kan få sjansen til å kjempe om senior-VM-gull på heimebane ein vakker dag.
– Det trur eg han kan. Men det er litt opp og fram til eit potensielt VM på heimebane, men i dag har vi ingen planar om å arrangere sjølv om det er eit ønske, seier Ryste.