Jakob Ingebrigtsen sprang inn til sjetteplass under 1500 meteren på Jessheim torsdag kveld.
Tida 3.44,97 er 53 hundredelar betre enn det han gjorde i Belgia i helga, og han senka med det sin eigen uoffisiell verdsrekord på distansen.
Det er godt over sekundet betre enn den tidlegare uoffisiell verdsrekorden til Jean Verster frå 1981.
– Tida er vanvitig. Dette er truleg eitt av dei beste resultata i norsk ungdomsidrett nokon sinne, sa NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, etter at Jakob sprang på 3.45,50 i helga.
- Les også:
Rekordtida er basert på age-rekords sine tal, som har liste på ungdomsrekordar frå 5-19-åringar frå 48 land. Ingebrigtsen har no rekorden på 1500-meter for 11-, 14- og 15-åringar.
Lista er uoffisiell og inneheldt berre tider sett av utøvarar frå land der ein er 100 prosent sikker på at fødselsdatoen stemmer. På det internasjonale friidrettsforbundet sine sider (IAAF) står kenyanske Gideon Mageka med rekorden for 15-åringar, på tida 3.37,36.
Briten Jake Wightman vann løpet på 3.41,77.
Jakob Ingebrigtsen jaktar på EM-kravet som er 3.40,50, noko dei eldre brørne Henrik og Filip klarte enkelt under sesongopninga i USA.
- Les også: