NRK Meny
Normal

Aursnes: – I fjor var kvar einaste kamp livsviktig. No kan vi spele med låge skuldrer

I fjor stod Hødd med tre poeng etter åtte serierundar. Etter nok ein siger på Høddvoll står blåtrøyene med seks poeng på tre kampar. – Vi har ambisjonar om å slå alle på Høddvoll, fortel matchvinar Fredrik Aursnes.

Fredrik Aursnes

Fredrik Aursnes avgjorde for Hødd. Her frå cuptriumfen mot Tromsø i november.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Seks poeng etter tre kampar er ei god sesongopning, meiner Fredrik Aursnes i prat med NRK.

I første serierunde blei det eit svært surt bortetap mot Fredrikstad for Hødd. Etter to utsette kampar møtte Hødd HamKam på onsdag, der blåtrøyene gjekk sigrande ut med 2–1.

Mot opprykksfavoritt Stabæk blei det nok ein triumf på heimebane, der den unge hareidsdølen Fredrik Aursnes scora det einaste målet.

Hødd har no spelt tre kampar, éin mindre enn resten, og ligg på sjetteplass.

Fartsfylt og sjanserikt

Kampen mot Stabæk, som Hødd til slutt vann 1-0, var spennande frå start til slutt.

I første omgang kom begge til store sjansar, med både stolpetreff og redningar på streken, men ballen gjekk aldri i mål.

Etter pause kom derimot 1–0. Etter 51 minutt spelte Espen Standal ballen til Fredrik Aursnes. Frå skrått hald var 17-åringen iskald, og lobba inn sigersmålet.

Begge lag kom til store sjansar etter scoringa, og spesielt på overtid kunne Stabæk utlikna.

Eit innlegg blei svinga inn, og enda i føtene på Stabæk-spiss Franck Boli. Frå berre fire meters trefte han den einaste mannen i vegen, nemleg Hødd-forsvarar Akeem Latifu. Redninga på streken gjorde at Hødd til slutt vann kampen.

Hødd-trenarane

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen (t.v.) og assistenttrenar Sindre Eid kan sjå lyst på livet etter to heimesigrar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Supertalentet tek livet med ro

Matchvinnar Fredrik Aursnes har fått mykje ros etter fjorårets debutsesong. Han var etter kvart fast på Hødd, som 16-åring, og scora eit avgjerande mål i cupsemifinalen mot Brann.

Tidlegare i år blei ha kåra til det 18. største norske fotballtalentet av bladet Josimar. Han var einaste spelar frå 1. divisjon.

– Korleis taklar ein 17-åring frå Hareid all merksemda?

– Det går eigentleg veldig greitt, forskjellen er ikkje så stor. Eg toler det godt, fortel Aursnes etter kampen.

No håper han på å vere konstant i Hødd si startoppstilling.

– Det er eitt mål. I tillegg må eg vere meir offensiv enn i fjor og score fleire. Det fungerte i dag. Gjennom ein heil sesong vil 5–6 scoringar vere kjempebra, konkluderer 17-åringen.

– Betre start

I fjor var sesongopninga ei katastrofe for Hødd. Først etter ni seriekampar hadde Hødd nådd seks poeng, og 1. divisjonsplassen blei til slutt berga på målforskjell.

– Ei bra opning, som no, gjer at vi kan slappe litt meir av. I fjor var kvar einaste kamp livsviktig. No kan vi spele med låge skuldrer, meiner Aursnes.

Ei god opning på heimebane meiner han òg er viktig.

– Her på Høddvoll skal vi slå dei fleste, også Stabæk som nok vil kjempe i toppen. Vi har ambisjonar om å slå alle på Høddvoll. Vi skal prøve å vinne alle bortekampane, og vi skal ta fleire bortepoeng enn i fjor. Men mest truleg blir det nok fleire heimesigrar, avsluttar 17-åringen frå Hareid.

No ventar Åsane i 2. runde av NM, borte, for Hødd. Den kampen blir spelt onsdag 1. mai. Søndag om éi veke er neste seriekamp, då Strømmen er motstandar på bortebane.

Siste nytt

  • Fristil-Tiril vant i California

    Fristilkjøreren Tiril Sjåstad Christiansen vant det siste verdenscuprennet i slopestyle før OL. Nærmest Christiansen kom svenske Jennie-Lee Burmansson. verdenscupen sammenlagt er Christiansen nummer to og Killi nummer tre.

    Tirl Sjåstad Christiansen
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Carlsen vant etter snuoperasjon

    Magnus Carlsen tok søndag sin tredje seier i Wijk aan Zee-turneringen. Nordmannen var under press mot Gawain Jones, men tok seg sammen og snudde til seier. Den tredje seieren på åtte partier i storturneringen i Nederland gir delt ledelse for Carlsen.

    Magnus Carlsen i Riyadh
    Foto: FARIS GHAITH /AFP / NTB scanpix
  • Gracia er Silva-erstatter

    Premier League-klubben Watford har ansatt spanjolen Javi Gracia som klubbens nye manager. Han erstatter Marco Silva, som fikk sparken tidligere søndag, og er hentet inn på en 18-månederskontrakt.

    Marco Silva
    Foto: Scott Heppell / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal