Ny armageddon-siger til Carlsen: – Må gjere noko spesielt for å slå meg

Etter sitt sjette strake parti som enda med siger etter armageddon trur Magnus Carlsen at motstandarane kan bli slått ut av frykta for å møte han.

Norway Chess

ARMAGEDDON: Nok eit sjakkparti gjekk til armageddon for Magnus Carlsen.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Dei føler kanskje dei må gjere noko spesielt for å slå meg, svarar Magnus Carlsen til TV 2 etter han har sikra seg nok ein siger og forsvara leiinga i Norway Chess.

Carlsen starta armageddon-partiet med å gå rett i strupen på motstandar Wesley So, og det med ei opninga som overraska mange. Trass i at remis heldt for Carlsen til å ta poeng spelte han svært aggressivt. Wesley So vart raskt veldig bakpå.

– Det vart ein kort dag. Herleg sånn sett, seier Carlsen etter sigeren til kanalen.

Carlsen vann med remis sidan han spelte med svarte brikker.

Magnus Carlsen har no tatt 11 av 14 mogelege poeng, etter at han onsdag tok sin sjuande siger i turneringa. Og han forsvarte med dette leiinga si i turneringa.

Vunne sju av sine kampar

Magnus Carlsen, som starta med svarte brikker, opna med ein ny plan og fleire raske trekk i kampen mot den filippinskfødde Wesley So.

Norway Chess

LEIAR: Nordmannen leiar Norway Chess etter å ha vunne alle sine sju kampar. I morgon spele han igjen med kvite brikker.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det utarbeida seg likevel til eit parti som såg ut til å ende i ein rask remis, sjølv om So ikkje truga Carlsen under kampen. Men korkje Carlsen eller hans motstandar såg ut til å ville be om remis og dei heldt fram spelet på grensa til det keisame.

– Han gjorde som han skulle med å spele noko skarpt og ambisiøst i opninga. Men du må følgje det opp med å spele bra også, sa Carlsen til TV 2.

Til slutt var det derimot klart at også den sjuande kampen til Carlsen enda med armageddon. Seks av hans sju kampar har så langt enda på dette vis.

– Det var greitt det. Han spelar på sin måte og så er det opp til meg og finne ein måte og utlikne på. I dei variantane er det vanskeleg for svart å skape så mykje. Eg hadde aldri sjanse til å klare noko meir, sa nordmannen til TV 2.

Torsdag skal Magnus Carlsen spele med kvite brikker mot Yu Yangyi frå Kina. Det er ein kamp nordmannen har plan om å vinne, utan å måtte gå til armageddon.

– Veldig sugen på å vinne det partiet. Det vil meir eller mindre avgjere turneringa i morgon, slår Carlsen fast.

Siste runde i Norway Chess blir spelt på fredag.

Siste nytt

  • Berntsen forlenger med Viking

    Bjarne Berntsen har vært trener for Viking i tre perioder. Nå er han klar for to nye år som hovedtrener for Stavanger-laget. Det bekrefter klubben på egne nettsider.

    Bjarne Berntsen
    Foto: NRK
  • Svenske ble årets NHL-nykommer

    Svenske Elias Pettersson ble kåret til årets nykommer i NHL. 20-åringen fikk prisen etter en meget god sesong for Vancouver Canucks med 66 poeng på 71 kamper.

    Han er første svenske til å vinne prisen siden Gabriel Landeskog vant i 2011/12-sesongen.

    2019 NHL Awards
    Foto: Bruce Bennett / AFP
  • Messi-straffe gav Argentina håp

    Lionel Messi utlikna på straffe og gav Argentina 1-1 mot Paraguay i Copa America. Paraguay fekk også straffe mot slutten, men Argentina-keeper Franco Armani redda.

    Argentina har berre eitt poeng på to kampar, men kan gå vidare til kvartfinale med siger over Qatar i siste gruppekamp søndag.

    Messi scorer på straffe
    Foto: Natacha Pisarenko / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal