I 2014 tok Niskanen gull på 15 km klassisk i U23-VM. Sidan har han sett under eitt vore verdas beste i klassisk stil. I 2017 tok han VM-gull på 15 km klassisk, i 2018 OL-gull på 50 km klassisk og i 2022 OL-gull på 15 km klassisk.
31-åringen fekk likevel ein vanskeleg start på inneverande sesong, etter å ha vorte sett tilbake av koronaviruset i november.
Sist helg var den populære finnen tilbake på sigerspallen. I franske Les Rousses vart han berre slått av Johannes Høsflot Klæbo på den 20 km lange klassiske fellesstarten.
Dermed var han tilbake som ein av dei største favorittane på femmila under VM i Planica.
– Har ikkje teke det så seriøst
Men overfor NRK går han likevel langt i å avskrive seg sjølv.
– Etter at eg skjønte at eg ikkje hadde så store sjansar denne sesongen, har eg ikkje teke det så seriøst. Eg berre deltek i VM, det er ingen sjanse for topplasseringar, sa han etter å ha vorte nummer 12 i sin svakaste stilart, fristil, i Toblach laurdag.
– Men du seier ikkje at du har gitt opp å vinne VM-femmila i Planica?
– Eg trur ikkje eg har nokon sjanse, sa Niskanen.
Pallplassen helga før forklarte han slik:
– Eg hadde veldig raske ski då, men forma er på ingen måte der. Eg manglar framleis eit minutt på ein 15-kilometer samanlikna med førre vinter.
– Tungt å vere i dårleg form
Søndag viste han seg fram med ein sterk andreetappe for Finland i stafetten, utan at han vart mindre sjølvkritisk av den grunn
– Som du kunne sjå hadde eg ingen sjanse mot Calle (Halfvarsson) og (Francesco Dei) Fabiani mot slutten. Eg er litt bekymra akkurat no.
– Men du klarte å tette luka der ute?
– Ja, det var bra fart, men ikkje nok.
– Du er framleis negativ?
– Det er tungt å vere i dårleg form.
– Han berre tullar
Det fekk NRKs kommentator Jann Post til å reagere.
– Dette er finsk komedie på sitt beste, fastslo han, og fekk støtte av ekspertkommentator Torgeir Bjørn.
– Ja, han berre tullar med oss. Han leikar litt, Iivo Niskanen. Eg vil på ingen måte avskrive han når det gjeld femmilsgullet i Planica, seier Bjørn.
Norske stjerner dreg også på smilebandet over utsegnene frå finnen om dårleg form.
– Det såg ikkje sånn ut på andrerunden, då var han lik seg sjølv, seier Didrik Tønseth, som var blant dei som ikkje klarte å henge heilt med på køyret til finnen.
Pål Golberg vil heller ikkje vere med på å avskrive Niskanen.
– Viss han har ein normal dag på femmila, så er jo han med i teten. Utan russarar til start, har vi sett korleis renna har gått føre seg, så det er eg ikkje redd for. Så er det sjølvsagt kjipt at han fekk sesongen spolert av covid, men eg trur ikkje han skal gi opp heilt enno, seier mannen som vann rennet i Toblach laurdag.
– Klar gullkandidat
– Trur du det er eit spel når han seier det?
– Ja, det er det, for vi ser jo kva han er i stand til å gjere på slutten når vi går i Les Rousses. Den dagen var det vel berre éin som hang med, seier Golberg.
Iivo Niskanens problem blir rett og slett ikkje tekne på alvor frå norsk hald.
– Er det ein som kan å finne og spisse forma til ein meisterskap, så er det Iivo Niskanen. Femmila i klassisk, der er han ein klar gullkandidat. Han legg vel pressa på nordmennene, og det kan vere fornuftig, konstaterer Torgeir Bjørn.
Verdscupen i Toblach i helga var dei siste før VM i Planica, som blir innleidd med sprint 23. februar og blir avslutta med 50 km klassisk fellesstart 5. mars. Med Iivo Niskanen til start – i ei eller anna form.