NRK Meny
Normal

60 min effektiv speletid i fotball: – Positivt, meiner NRK-ekspert

Effektiv speletid på 60 minutt i fotball. Det kan bli ein realitet når den internasjonale regelkomiteen til våren skal ta stilling til nye forslag.

Luis Suarez-hands i VM 2010

KLASSIKAREN: Luis Suarez handsar på målstreken i siste minutt av ekstraomgangane i Uruguays kvartfinale mot Ghana i VM 2010. Det gav straffe som Ghana brende, og Uruguay vann straffekonken etterpå. Ifølgje dei nye regelforslaga ville dette blitt godkjent som mål til Ghana

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

– Eg likar dette. Det er gode forslag, seier NRKs ekspert Karl-Petter Løken.

Han snakkar om dei nye og nokså radikale forslaga som IFABs tekniske direktør og tidlegare toppdommar i England David Elleray har lagt fram.

IFAB er komiteen som vedtek reglar og regelendringar i den internasjonale fotballen.

– Mange er frusterte over at ein kamp på 90 minutt har mindre enn 60 minutt der ballen faktisk er i spel. Forslaga skal redusere uthalinga av tid og få meir fart i spelet, seier ein IFAB-talsmann.

Skal vurderast i mars

Og Ellerays forslag skal diskuterast på komiteens årlege møte i mars neste år.

– Dei fleste forslaga går ut på å hindre uthaling av tid, og det er berre positivt, seier Løken.

Effektiv speletid er brukt i idrettar som basketball, ishockey og delvis handball. Men i fotball har det aldri vore aktuelt.

Det er fleire radikale forslag som blir lansert. Og det mest omfattande er at kampane skal spelast med 60 minutt effektiv speletid, mot dagens 90 med dommarens skjønssmessige tillegg for kvar omgang.

Det inneber mellom anna at klokka skal stoppast i desse tilfella:

  • Frå eit straffespark blir dømdt til det blir tatt
  • Frå eit mål er scora stil spelet blir sett i gang igjen
  • Frå dommaren spør ein skadd spelar om han treng medisinsk hjelp til spelet blir sett i gang igjen
  • Frå dommaren dreg fram eit gult eller raud kort til spelet blir sett i gang igjen
  • Frå dommaren gir signal til innbytte til spelet er sett i gang igjen
  • Frå dommaren tek til å måle eit frispark til det blir tatt

Stadionuret skal også stansast samstundes med dommarklokka slik at publikum kan følgje med.

– Eg trur ikkje dette vil gi dårlegare flyt i kampane, slik innvendinga mot effektiv speletid tidlegare har vore, seier Løken.

Mål utan at ballen er over linja?

Strafferedning

KANSKJE ULOVLEG: Her header Aston Villas Juan Pablo Angel ein retur i mål i ein kamp mot Manchester City i 2004. Om forslaget til nye reglar blir vedteke, blir det ulovleg

Foto: DAVID KENDALL / Ap

Men det er fleire forslag enn effektiv speletid som IFAB skal ta stilling til i mars.

  • Det blir lov å drible raske frispark, hjørnespark og utspel
  • Det blir lov å ta utspark frå mål sjølv om ballen ikkje ligg i ro
  • Ein spelar som scorar eller stoppar ei scoring med handa, skal ha raudt kort
  • Ein keeper som tek tilbakespel eller innkast frå medspelar skal straffast med straffespark
  • Dommaren kan dømme mål dersom ein spelar stansar ballen med handa på eller like framfor mållinja
  • Dommaren kan berre blåse for pause eller full tid når ballen er ute av spel.
  • Dersom eit straffespark er redda eller missa, skal ballen gå ut av spel, og det skal dømmast utspel

– Det er mange gode forslag her også, men eg er litt skeptisk til forslaget om å dømme mål ved hands på linja. Skal det dømmast mål i fotball, meiner eg at ballen i alle fall må krysse mållinja, seier Løken.

– Men forslaga om at laga kan ta frispark og hjørnespark raskt, likar eg. Likeså at spelet skal avblåsast etter strafferedning. Det er same reglane som gjeld i straffesparkkonkurransar.

– Trur du reglane har sjanse til å bli vedtatt?

– Eg håpar og trur at IFAB vil prøve dei ut, gjerne ved å finne turneringar der dei nye reglane skal testast. Det er det som har skjedd ved regelendringar tidlegare, ikkje minst det som har med videodømming å gjere, seier Karl-Petter Løken.

Siste nytt

  • Arsenal seiret mot erkerivalen

    Arsenal slo Tottenham 2-0 i dagens kamp mellom rivalene. Shkodran Mustafi og Alexis Sánchez scoret målene. Det er uhyre tett mellom de beste lagene bak Manchester City for øyeblikket.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP
  • Lorentzen 3 hundredeler unna pallen

    Håvard Holmefjord Lorentzen var bare 17 hundredeler bak Ronald Mulder, men siden det er så jevnt i toppen, holder 34,79 «bare» til 6.-plass. Daichi Yamanaka tar 2.-plassen med 34,65, mens Hein Otterspeer sikrer en pallplass med 34,76. Lorentzen var åpenbart preget av å ha gått 1500 meter i B-gruppen tidligere lørdag.

    Håvard Lorentzen
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • Rød med brudd i hånden

    Magnus Abelvik Rød står i fare for å miste håndball-EM i Kroatia i januar etter å gjennomgått en operasjon for et brudd i hånden. 20-åringen er ute i åtte uker.

    Firenasjonersturnering i håndball for menn
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
V-cup skøyter
V-cup skøyter: 1500 m kvinner
NM kombinert: 5 km langrenn
NM kombinert: 5 km langrenn
Cupfinale: Før cupfinalen for kvinner
Cupfinale kvinner: Oppkjøring
Cupfinale kvinner: Avaldsnes - Vålerenga
V-cup skøyter: 1500 m menn
Cupfinale: Avaldsnes - Vålerenga