Høyr kampen på NRK P1 frå klokka 18.15 i kveld.
I kveld kan Norge enten vere gruppevinnarar eller hamne sist i gruppa, og dermed ryke rett ut av EM før det heile eigentleg har begynt.
– Alt ligg i våre hender. Me vil gjerne styre, og eg likar den situasjonen veldig godt, seier trenar Christian Berge.
Før den siste kampen i det innleiande gruppespelet er det vidope i Norges gruppe.
Etter at Norge tok ein svært sterk siger mot Kroatia søndag, og Kviterussland tok ein enda meir oppsiktsvekkande triumf mot Island, står alle fire med laga med to poeng.
– Kan bli semifinale
Tre lag går vidare til hovudrunden. Norge kan både vinne og hamne sist i gruppa.
– Kampen mot Kviterussland blir himmel eller helvete for Norge, seier NRKs handball-ekspert, Håvard Tvedten.
Han trur at Norge går til hovudrunden og har med seg fire poeng.
– Der møter Norge Frankrike, som eg ikkje trur dei slår. Så møter me Polen – som det er fullt mogeleg å slå sjølv om dei har hemebane – og enten Makedonia eller Serbia, som me skal kunne slå. Det kan gi åtte poeng totalt, og då snakkar me semifinale, seier Tvedten.
Viktige kampar
Vinn Norge sin kamp og Kroatia slår Island er himmelen eit faktum. Da blir Norge gruppevinnarar og tek med seg fire svært viktige poeng inn i den tøffe hovudrunden.
Slår derimot Island Kroatia får me berre med oss to poeng vidare, sidan Kroatia da ryk ut og ein berre får med seg poeng ein har tatt mot laga som er med vidare.
Skulle Norge ryke på ein smell mot Kviterussland, blir det svært vanskeleg med avansement.
– Blei skremt av Kviterussland
Tvedten trur Norge har ein god sjanse om laget held fram spelet dei viste mot Kroatia.
– Me må ha akkurat den same offensive innstillinga, den same fysikken, kontringsspelet må sitte og me må ha keeperar som reddar, seier han.
– Kor store sjansar har me mot Kviterussland?
– Sjansane er heilt opne og ganske store eigentleg. Men eg må innrømme at eg blei litt skremt da eg såg Kviterussland mot Island, fortel Tvedten.
– Det er slik herrehandball er. Det er små marginar heile vegen. Sigeren mot Kroatia betyr ingenting om vi taper mot Kviterussland, seier Erlend Mamelund.
– Me går inn i kvar kamp for å vinne, og eg har tru på at me går vidare med 4 poeng. Og i mellomspelet skal vi kunne slå både Polen og Serbia, meiner han.