– Nei, eg trur ikkje det. Sånn som eg ser det, så er ho såpass sta og bestemt. Dette er gjennomtenkt og ein frustrasjon som har bygd seg opp over tid, som ikkje kan reparerast raskt, seier Torp.
Det var i eit intervju med Josimar og Morgenbladet, Ada Hegerberg kom med skarp kritikk av Norges Fotballforbund, og det berre to dagar før VM startar.
Han trur det vil bli ei tøff oppgåve for toppfotballsjef Lise Klaveness, som i lang tid har hatt dialog med Hegerberg, å få til ei løysing.
– Eg trur ikkje det var lett før, men ho er nok ikkje noko nærare no. Eg trur dei to har eit fint forhold, men eg trur nok Ada har bestemt seg, så det skal nok ekstremt mykje til.
Treng verdas beste spelar
VM-ekspert Melissa Wiik vil derimot ikkje vere like kategorisk som sin kollega Torp.
– Eg trur ikkje den brua er brent. Det er framleis mogeleg. Eg håpar denne saka kan leggast død, for vi treng og ønsker, i alle høve eg, at verdas beste spelar er på det norske landslaget.
Ho har tru på at dialogen mellom Klaveness og Hegerberg vil halde fram etter at VM er over.
– Det er ei stund til neste meisterskap. Ada kjem alltid til å vere eit attraktivt tema.
Elitesjef Lise Klaveness er for tida i Paris på ein konferanse om kvinnefotball i regi av Fifa. Ho vedgår i eit intervju med NRK at dette er ei krevjande sak.
– Det er ein situasjon vi skulle vore utan, eg har uttalt meg mange gonger om den saka. No er jobben min å fokusere på VM. Så registrerer eg sjølvsagt det som skjer rundt, men vi er inne i ei meisterskapsboble no, seier Klaveness.
VM-kvinnene ville ikkje uttale seg
Hegerberg sjølv har fleire gonger sagt at retur til landslaget er uaktuelt. Manager Halvor Marstrander seier dei ikkje har nokon nye kommentar til dette i dag.
Etter at Hegerberg tok imot Gullballen før jul i fjor sa ho mellom annan:
– Det handlar ikkje om at eg må endre meining, men om at NFF som forbund må gjere det som skal til for å bli betre, sa Hegerberg den gong.
Landslagssjef Martin Sjögren hadde i dag trening med VM-troppen i Frankrike. Her var det ingen av spelarane som ville kommentere oppstyret som har stole overskriftene i forkant av meisterskapet.
– Vi har bestemt oss for at det som skjer eksternt skal vi bruke minst mogeleg energi på, sa Sjögren.
Han har tidlegare uttalt til NRK at han ikkje sjølv har snakka med Hegerberg om retur til landslaget. Den gong sa han:
– Eg held fram med å halde den linja eg har heldt: At man ikkje skal behøve å overtale nokon til å spele for landslaget. Så lenge ikkje Ada har den, får det vere sånn.
Reagerer på tidspunkt
Intervjuet med Josimar og Morgenbladet er gjort i februar, og sjølv om Hegerberg nødvendigvis ikkje visste at intervjuet skulle publiserast akkurat no, reagerer Torp på tidspunktet.
– Ada Hegerberg har vore tydleg på kor ho har stått i saka i fleire år, men at ho plutseleg no like før VM skal lette på sløret i eit stort djuptgåande intervju, det reagerer eg på.
Landslagsspelar Martin Ødegaard gjekk i går hardt ut mot Lyon-proffen. Han var mildt sagt lite imponert over tidspunktet for kritikken frå Hegerberg.
«At du nå vel å gjere eit slikt intervju er totalt uforståeleg. Timingen er skrekkeleg», står det i Ødegaard sitt innlegg.
Landslagssjef Lars Lagerbäck gjekk tidlegare i dag ut og gav sin fulle støtte til utanlandsproffen.