Hopp til innhold

NRK-ekspert overraska over nytt Brann-angrep – Bamba hevda dei er hjernevaska av trenaren

I dag gjekk Daouda Bamba ut med knallhard kritikk mot spelestilen under Brann-trenar Lars Arne Nilsen og hevdar at spelarane er blitt hjernevaska. NRK-ekspert syns det er underleg at klubben ikkje har betre kontroll på spelarane sine.

Eliteserien fotball: Brann - Lillestrøm (1-0).

KRITISK: Brann-spelaren Daouda Bamba kjem med krass kritikk mot eigen trenar.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Alle vil spele meir offensivt. Men vi er hjernevaska av «vi må gjere ditt, du må gjere datt». Eg trur trenaren forsøker å finne ut av korleis det skal fungere, eg håpar han finn løysinga i framtida, small det ifrå Daouda Bamba i eit intervju med Eurosport som vart publisert i dag.

Utspelet frå Bamba kjem berre kort tid etter at medspelar Gilbert Koomson vart vraka til cupkampen mot Sogndal, etter at også han hadde kritisert trenaren.

– Brann bør klare og halde styr på spelarane sine, slik at sånne utspel blir tatt internt i klubben og ikkje i media, er NRK-ekspert Carl Erik Torp sin første reaksjon.

Tok til tårene

Spissen Bamba, som kom til Brann på tampen av overgangsvindauget i fjor sommar ifrå Kristiansund, har vore inn og ut av laget.

Det toppa seg då han vart bytta ut i sist kamp mot Lillestrøm, og han tok til tårene på benken.

– Eg likar å syne at eg er tøff, veit du. Men i dette tilfellet vart det for mykje og eg klarte ikkje å kontrollere kjenslene mine, fortel han i intervjuet.

Samtidig går han til angrep og skuldar på spelarstilen til sin eigen trenar, som han meiner er alt for defensiv.

– Det er ikkje berre meg, eg trur alle i garderoben vil det. Eg trur fansen vil sjå at nokon driblar, gode ting, men vi tenker på å vinne 1–0 i staden for 4–3. Men det er meir morosamt å vinne 4–3 enn 1-0, seier 24-åringen i intervjuet med Eurosport.

Eliteserien fotball: Brann - Lillestrøm (1-0).

KJEFT: Brann-trenaren blir kritisert av eigen spelar som meiner at trenaren er for defansiv i stilen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Snakkar for mykje om forsvar

Bamba meiner det er mange ting som manglar med Brann-laget, som ligg på fjerdeplass i eliteserien. Spesielt tenker han på angrepsspelet.

– Vi må endre mentaliteten, måten vi ønskjer å spele på. Vi må ta meir risiko, vi spelar for forsiktig. Når laget spelar for defensivt er det vanskeleg for ein spiss, seier han i intervjuet med TV-kanalen.

I fjor laga 24-åringen fire mål for bergensarane. I Kristiansund stod han med sju mål både i 2017 og 2018, mot heile 20 i 1. divisjon året før.

Og han ser ikkje veldig lyst på framtida, spesielt ikkje etter at bergensarane gjekk på hovudet ut av cupen onsdag, etter at dei tapte 4–0 mot Ranheim.

– Vi taper 4–0 og skapar ein sjanse. Og i dag snakkar vi om korleis vi skal bli betre i forsvar igjen. Vi får sjå kva framtida bringar, men eg meiner vi må ta meir risiko, fortel han til Eurosport.

NM i fotball 2019. Ranheim møter Brann.

TAPTE: Brann er ute av cupen etter at dei tapte 4–0 mot Ranheim.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Brann vil ikkje kommentere utspelet

NRK har forsøkt å få kontakt med Brann-trenar Lars Arne Nilsen via mediekontakt Janne Håland. Her får vi opplyst at han er på fjellet og ikkje er tilgjengeleg.

Sportsleg leiar Rune Soltvedt seier at han ikkje har fått lest artikkelen og at han difor ikkje vil kommentere saka på noverande tidspunkt.

– Vi har for vane å ta slike saker internt først, er alt han vil sei.

Torp seier det er lett for at denne type kritikk oppstår når det oppstår dårlege resultat.

– Det er ein naturleg reaksjonar når resultata uteblir i ein klubb med høge forventingar. Med den spelestilen Lars Arne Nilsen står for, så går det fint så lenge ein leverer resultat. No manglar det litt på det, og då kjem det reaksjonar både rundt klubben og ifrå spelarane.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, skal være på vei bort fra Formel 1-laget etter trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal