NRK Meny
Normal

NRK-ekspert om Warholms stikk: – Det var retta mot meg

Finaleklare Karsten Warholm retta peikefingeren mot OL-meister Vebjørn Rodal etter måndagens semifinale på 400 meter hekk. NRK-eksperten innser at han bomma på analysen.

VM i friidrett i London

FINALEKLAR: Karsten Warholm er klar for VM-finalen på 400 meter hekk i London.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Vebjørn Rodal

NRK-EKSPERT: Vebjørn Rodal

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Karsten Warholm kvalifiserte seg til finalen på 400 meter hekk med ein knallsterk semifinale måndag kveld, og sprang inn til nestbeste tid, bak Kerron Clement frå USA.

Men etter løpet kom 21-åringen med eit tydeleg stikk til NRKs ekspertkommentator.

– Taktisk løping

Vebjørn Rodal sa etter forsøksheatet søndag at Warholm sprang med «høge skuldrer». Og at han kanskje var prega av stundens alvor.

Det ville ikkje sunnmøringen høyre snakk om måndag kveld.

I intervjuet med Line Andersen på indre bane etter semifinalen tok Norges nye friidrettsstjerne eit lite «oppgjer» med OL-meisteren på 800 meter.

– Eg høyrte at nokon hadde sagt at eg sprang med «høge skuldrer » i forsøksheatet. Eg skal ikkje nemne namn, kompis, sa Warholm, og satte augene beint inn i kamera, men uten avsløre kven han sikta til, før han heldt fram:

– Men for meg så var det eigentlig taktisk. Du ser i dag at eg hadde meir inne, sa Warholm etter at han sprang inn på den sterke tida 48,43.

Warholm med stikk til Rodal

Karsten Warholm avviser at han hadde løpt med høge skuldrer i forsøksheatet på søndag.

– Dårleg vurdering

Vebjørn Rodal er derimot ikkje i tvil om kven Warholm var kritisk til.

– Det var heilt klart retta mot meg, smiler Rodal på hotellet sitt i London tysdag formiddag.

Mannen bak OL-gullet i Atlanta i 1996, kanskje tidenes største norske idrettsbragd, har ingen problem med å legge seg flat for kritikken.

– Det var ei dårlig vurdering frå mi si side etter det han viste fram i semifinalen, seier Rodal.

– Eg antyda at det såg ut som han hadde litt «høge skuldrer», og at han var litt prega av stundens alvor. Men det er nok berre at det flyt litt betre når han går eit maks løp.

– Når han tar i for fullt frå start - så treff han betre. Det ser meir kraftfullt og elegant ut då, meiner Rodal.

– Kva synes du om at han kom med eit stikk mot deg på direktesendt TV?

– Det er berre hyggeleg. Det viser berre at han følgjer med, seier Rodal som sit i kommentatorboksen saman med Jann Post på Olympiastadion i aust-London.

Medaljekandidat

– Eg gjer «hundre» analyser på direkten i løpet av eit meisterskap. Og eg treff ikkje bra på alle dei, seier Rodal vidare.

Onsdag kveld spring Karsten Warholm sin første VM-finale i karriera på 400 meter hekk.

–Han er heilt klart ein medaljekandidat. Det er vel berre Kerron Clemont som ser sterk ut av dei andre konkurrentane. Det er ingen som Karsten treng å vere livredd for - før finalen, meiner Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Singh klar for Sarpsborg

    Den tidligere VIF-profilen Harmeet Singh er tilbake i norsk fotball. Midtbanespilleren signerte i dag en 1,5-årskontrakt med Sarpsborg.

    – Sarpsborg 08 har et lag der alle gir alt for hverandre. Et tøft og robust lag, sier Singh til sarpsborg08.no.

    Harmeet Singh
    Foto: Sarpsborg 08
  • Birkeland går stafetten

    Lars Helge Birkeland går inn på stafettlaget, sammen med brødrene Bø og Emil Hegle Svendsen. Det betyr at Erlend Bjøntegaard er vraket, til tross for at Bjøntegaard blant annet havnet på en kanonsterk femteplass på 10km sprint tidligere i OL.

    Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting menn.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Positiv b-prøve for Krusjelnitskij

    Aleksandr Krusjelnitskijs b-prøve viser spor av meldonium. Det bekrefter Russlands olympiske komite i en pressemelding. Krusjelnitskij spilte for OURs lag i mixed curling, som tok bronse.

    Hvis laget nå diskvalifiseres, blir det norsk bronse.

    Aleksandr Krusjelnitskij
    Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL-magasin
Mester mot legende i vintersport
Mester mot legende i vintersport