Solskjær ønskjer å føre Manchester United tilbake i toppen av både engelsk og europeisk fotball.
Han vil ha tilbake den tidlegare sterke og berykta United-kulturen, slik det ein gong var under hans tidlegare manager og mentor Sir Alex Ferguson.
– For enkelt
I løpet av Fergusons 26 år som sjef på Old Trafford vann Manchester United 13 Premier League-titlar og 2 meisterligatriumfar.
Men Carl-Erik Torp åtvarar Solskjær mot å snakke for mykje om tidlegare tider.
– Han har nok snakka mykje om det fordi identiteten er blitt borte dei siste åra.
– Samstundes er det litt for enkelt og gammaldags å referere til gamle dagar og prøve å kopiere det som blei gjort for 15-20 år sidan, seier Carl Erik Torp.
– Felle
Solskjær scora 126 mål på 366 kampar for Manchester United frå 1996 til han la opp på grunn av ei kneskade i 2007.
Nordmannen har legendestatus i klubben, men Torp meiner heltestatus ikkje er nok dersom resultata uteblir.
– Det er ikkje nok for Solskjær å seie til spelarane at «eg er her, så de bør vere motivert». Han må også ha ein evne til å påverke og lære. Det at han er så tett med Ferguson er ikkje nok til å løfte United tilbake til sitt gamle nivå, og det kan vere ei felle å snakke om at alt var betre før, seier Torp.
– Skape si eiga historie
Torp meiner Solskjær har store namn å strekke seg etter om han skal få klubben tilbake på rett kjøl. Han viser til at konkurrentane Manchester City (Pep Guardiola), Liverpool (Jürgen Klopp) og Tottenham (Mauricio Pochettino) alle har managerar som har løfta klubbane til nye høgder.
– Klopp snakkar ikkje om den tida då Liverpool var store, og refererer ikkje heile tida til det som var gjort då. Han har sin eigen måte å gjere det på, og skapar si eiga historie, seier Carl-Erik Torp.
Fotballkommentator Thore Haugstad er ikkje heilt samd i at Solskjær berre kopierer Ferguson.
– Taktisk varierer Solskjær mykje meir, seier Haugstad.
– I tillegg er Solskjær ei heilt anna type. Ferguson var stor og slem med eit enormt temperament og sette frykt i spelarane. Solskjær er nok visstnok også strengare enn det ser ut som, men han blir aldri heilt Ferguson-typen.
– Kva trur du Solskjær refererer til som kan vere likt med Fergusons verdiar?
– Det går mest på det mentale. Ferguson var ikkje kjend som eit taktisk geni, det var meir innstillinga og gløden det gjekk på. Han bygde ein kultur og ei forståing om kva det skulle bety å spele for United. Det er noko som har falle bort, og eg trur det er det Solskjær refererer til. Det er noko laget treng sårt akkurat no.
United skal møte Manchester City i kveld, og har sjansen til å øydelegge for City i kampen om ligatittelen.