Hopp til innhold

NRK-ekspert levde fotballivet i Uruguay: – Kulturen er enorm

Ingen blir meir stolte enn uruguayanarane om dei får suksess på fotballbana. Det fortel Carl-Erik Torp (33), som sjølv har ei ukjent fortid i landet.

Carl-Erik Torp i Uruguay

KOMPISTURNERING I URUGUAY: Då Carl-Erik Torp (bak til høgre) og kompisane hans vann ei turnering var premien to slakta kyllingar og tre liter vin. – Du kan seie at det var ein litt annleis premie enn eit gåvekort frå G-sport, humrar Torp.

Foto: Privat

– Fotballkulturen er heilt enorm i Uruguay. Det er ingenting anna det er snakk om der. Fotballen er noko dei har inn i seg. Landet si helse blir avgjort på bana, skildrar NRK sin fotballekspert.

Det var i 2003 den då 18 år gamle Carl-Erik Torp valde å ta seg eit år som utvekslingsstudent i Uruguay.

Spelte nesten i toppserien

Carl-Erik Torp i Uruguay

Carl-Erik Torp vart intervjua av magasinet Galería de Búsqueda under opphaldet i Uruguay.

Foto: Privat

Faktisk var Torp svært nær å få ein utradisjonell debut i toppfotballen då han fekk vere med i troppen til Deportivo Colonia på øvste nivå to gonger.

– Eg vil tru eg er den einaste nordmannen som har sete på benken i toppserien i Uruguay. Eg minnest at eg varma opp ein heil kamp utan å få kome inn på. Spissen deira frå Argentina var usikker. Om han ikkje hadde blitt klar hadde eg starta, fortel Torp.

Han spelte junior- og litt 3.-divisjonsfotball for KFUM før han reiste til Uruguay. Eigentleg var han lei og skadeplaga før avreisa til Sør-Amerika. Men via kompisar i Uruguay kom han med på juniorlaget til Deportivo Colonia, før han etter kvart trena med a-laget.

SOCCER-WORLDCUP-URY-RUS/

Uruguay-fansen i Montevideo har hatt mykje å juble for så langt i VM. Ifølgje Carl-Erik Torp betyr fotballen alt i Uruguay. I motsetning til i visse andre land betyr det ikkje noko om laget spelar god fotball, så lenge dei vinn. Uruguay fekk til dømes ikkje kritikk for å ha vunne 1–0 i ein relativt sløv kamp mot Saudi-Arabia.

Foto: ANDRES STAPFF / Reuters

Vann vin og kylling

Men det gjekk også mykje i kompisfotball då den seinare Brann-spelaren budde i Uruguay. Laget hans vann fleire turneringar. Premiane var derimot ikkje heilt slik vi kjenner dei frå Norge.

– Som premie for sigeren i ei turnering fekk vi to slakta kyllingar og tre liter heimevin. Det vart ein bra fest etterpå, mimrar Carl-Erik Torp.

Carl-Erik Torp

Slik ser NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp ut i dag, 15 år etter opphaldet hans i Uruguay.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I kveld spelar Uruguay åttandedelsfinale i VM mot Portugal. Fotballeksperten Torp føler eg slett ikkje sikker på kven som vinn.

– Hadde vi tatt vekk Ronaldo kunne vi sagt at Uruguay var favorittar. Portugal imponerte heller ikkje mot Iran sist kamp. Uruguay har på si side ikkje sleppt inn mål enno og ser kanskje litt sterkare ut. Men dette er heilt ope, spår Torp.

Ronaldo mot Suarez

Trass i varierande prestasjonar har Portugal 12 strake VM- og EM-kampar utan tap.

Likevel er det Cristiano Ronaldo Portugal-trenar Fernando Santos motvillig må snakke om før åttandedelsfinalen.

– Om Ronaldo spelar åleine kjem vi til å tape. Vi blir nøydde til å vere sterke som eit lag, på akkurat same måte som Uruguay er sterke som eit lag, seier Santos ifølgje Reuters.

Og apropos å ikkje tape: Om vi ser vekk frå bronsefinalen i VM i 2010 har ikkje Uruguay-profilen Luis Suárez tapt éin einaste VM-kamp.

Han handsa på streken i kvartfinalen mot Ghana det året og spelte ikkje semifinalen, der dei rauk ut mot Nederland. Då Uruguay rauk i åttandedelsfinalen mot Colombia i 2014 var Suarez utestengt etter å ha bite Giorgio Chiellini i siste gruppespelkamp.

PS. Uruguay – Portugal ser du på NRK klokka 20.00.

COMBO-FBL-WC-2018-URU-POR

Luis Suárez har berre tapt éin einaste VM-kamp. Det var bronsefinalen mot Tyskland i 2010. Cristiano Ronaldo og Portugal har ikkje tapt ein VM- eller EM-kamp sidan dei møtte Tyskland i første gruppespelkamp i 2014.

Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal