Hopp til innhold

NRK-ekspert legg seg flat: – Eg tok feil om Herlovsen

NICE/OSLO (NRK): For eitt år sidan sa fotballekspert Carl-Erik Torp at Isabell Herlovsen (30) hadde sett sine beste dagar på fotballbanen. Han tok feil.

Isabell Herlovsen

GOD FORM: Isabell Herlovsen har igjen blitt ein viktig spelar for det norske landslaget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Det er fantastisk å sjå innsatsen og jobben ho gjer for laget. Kampen mot Frankrike er ein av dei beste ho har spelt på landslaget, seier Torp.

Dagens utsegn står i sterk kontrast til det han sa før VM-kvalifiseringskampen mot Irland for eitt år sidan.

– Det luktar ikkje akkurat mål av det norske laget. Eg såg Herlovsen i førre kamp, og ho klarte ikkje å komme til målsjansar. Herlovsen var betre for nokre år sidan, sa Torp den gong.

– Ho var nok ikkje så langt nede som eg sa

Norge vann den kampen 2-0, etter to mål av Lisa-Marie Karlseng Utland. På dette tidspunktet spelte Herlovsen for Vålerenga, utan å lukkast. I januar blei ho klar for Kolbotn på lån.

– Ho har verkeleg hatt godt av overgangen til Kolbotn. Ho var langt nede i Vålerenga, men kanskje ikkje så langt nede som eg sa. Så eg innrømmer gjerne at eg var for tidleg ute med å avskrive ho, men det er berre gledeleg når det går i den retninga, seier Torp, og ler.

Carl-Erik Torp

INNRØMMER FEIL: Carl-Erik torp innrømmer at han tok feil av Isabell Herlovsen.

Foto: Julia Marie Naglestad

No kan ikkje eksperten hugse å ha sett ho betre.

– Ho står verkeleg fram på dette laget, og ho var definitivt blant Norges beste mot Frankrike. Eg kan ikkje hugse å ha sett ho i så god form,, seier han.

Lagt ned ein stor innsats

Også dei andre på laget ser verdien Herlovsen gir landslaget.

– Ho er ein fantastisk fotballspelar. Me har ein spiss som jobbar knallhardt defensivt. Det gjer det mykje lettare for oss som ligg bak ho, seier lagvenninne Guro Reiten.

– Ho har vore veldig bra. Det er godt å sjå at ho er så bra trent, seier landslagstrenar Martin Sjögren.

I 2017 tok Herlovsen pause frå landslagsfotballen da ho signerte for den kinesiske klubben Jiangsu FC ladies.

Var ho like godt trent da ho var i Kina?

– Nei, det var ho ikkje. Det kan ho nok bekrefte sjølv også, seier Sjögren og ler godt.

Landslagstrener Martin Sjögren

BETRE FORM: Landslagstrenar Martin Sjögren ser ein klar betring i forma til Isabell Herlovsen.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Eg var ikkje godt nok trent da eg kom til Vålerenga frå Kina. Kolbotn har hjelpt meg mykje etter at eg kom dit. I tillegg har eg lagt ned ein stor eigeninnsats for å vere i best mogleg form til VM, seier Herlovsen.

30-åringen set pris på den positive merksemda ho no får.

– Det er artig å høyre at folk legg merke til jobben eg gjer. Eg kjenner at eg orkar mykje, og at forma er god. Eg er ein spelar som set laget fyrst, så det er hyggeleg å høyre fine ord, seier ho.

Siste nytt

  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Zuccarello vil spille ishockey-VM for Norge

    Mats Zuccarello åpner for å spille årets ishockey-VM for Norge «om han blir tatt ut på laget».

    Minnesota Wild er ikke med i årets NHL-sluttspill. Derfor er kalenderen fri for landslagsoppdrag for nordmannen. Han har ikke spilt VM for Norge siden i Russland i 2016.

    – Det er lenge siden han har kunnet representere landslaget og har lyst til det nå, bekrefter Zuccarello-agent Kevin Skabo til nitten.no fredag ettermiddag.

    Zuccarello spilte og scoret da det ble tap for Seattle Kraken i sesongens siste kamp i grunnspillet for Minnesota Wild. De var aldri skikkelig med i kampen om en plass i sluttspillet.

    Under fredagens pressekonferanse kom han ifølge journalisten Michael Russo med følgende melding som Russo har lagt på X.

    – Han sa at han spiller for Norge i VM om han kommer med på laget, skriver Russo.

    (NTB)

    NHL: Minnesota Wild at Tampa Bay Lightning
    Foto: Kim Klement Neitzel / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal