– Eg måtte presse meg hardt for å henge med i dag, seier Northug, som sleit tungt då farten blei sett opp i feltet på den sjette etappen.
30-åringen tapte elleve sekund til samanlagtleiar Sergej Ustjugov, som kom i mål til tredjeplass, like bak etappevinnar Martin Johnsrud Sundby.
Avstanden er no 47 sekund mellom Northug og Ustjugov når 15 kilometer fristil og jaktstarten gjenstår.
Northug: – Nærast umogleg
Dersom avstanden fortsatt er 47 sekund etter 15-kilometeren er Northug sikker på at han er sjanselaus i kampen om samanlagtsiger i Ski Tour Canada.
– Det blir vanskeleg. Vi må helst gå ut saman på siste etappe for at eg skal kunne ta Ustjugov. Med avstand opp til russaren blir det nok ei tidsstrid der ein taper og vinn litt utan å hente inn så mykje, seier Northug.
– Kan du ta igjen forspranget på 15-kilometeren?
– På ein kjempedag med gode ski og der alt klaffar kan eg ta igjen mykje. Men 47 sekund på ein som er i form er så og seie umogleg, seier Northug.
– Bare Sundby kan ta Ustjugov
VM-kongen frå Falun har hatt ein sesong utan dei store høgdepunkta, og har langt på veg gitt opp håpet om samanlagttriumf i Ski Tour Canada.
Før dei to siste etappane er det bare Johnsrud Sundby som kan ta Ustijugov, meiner Northug.
– Martin kan ta veldig mykje på Ustjugov på 15-kilometeren. Eg og Ustjugov trivst jo best når vi kan gå i samla felt, men russaren er i god form så det er vanskeleg å seie. Kanskje han held unna for Martin, seier Northug.
Finn-Hågen Krogh, som hjalp Petter Northug i løypa på den sjette etappen, gjør seg no klar for å bruke alle krefter på å gå for Johnsrud Sundby.
– Hadde det ikkje vore for fallet i Montreal hadde Martin vore soleklar favoritt. Han gjekk seg litt opp og tok mange bonussekund trur eg...
– Martin er 17 sekund bak Petter no...
– Ok. Såpass ja. Då må vi nesten gå for Martin og. Han har heilt klart nokre gode etappar igjen. Martin kan gjøre jobben heilt aleine på fredag. Det blir også ein nøkkeletappe for Petter dersom han skal henge med Martin, seier Krogh.
Overraska
Men det sterkaste kortet har Ustjugov, trur Northug, som er overraska over at russaren klarte å spolere Norges taktikk.
– Vi gjorde ein bra jobb. Vi sette høg fart, som vi hadde avtala på førehand. Då håpa vi at Ustjugov skulle vise svakheitsteikn, men det var jo han som viste mest styrke i skøytedelen, seier Northug.