NRK Meny
Normal

Northug vurderer å ikkje fullføre Tour de Ski

Oberhof (NRK.no): Petter Northug vil ikkje love at han kjem til å fullføre touren, etter at han hamna langt bak i prologen. Norges landslagstrenar er svært kritisk til arrangementet.

Petter Northug er ikke sikker på om han går alle etappene i Tour de Ski. Det sa han til reporter Ida Nysæter Rasch etter prologen i Oberhof lørdag.

Petter Northug enda langt nede på lista, og er slett ikkje sikker på om han kjem til å fullføre årets Tour de Ski

Den kanadiske duoen Alex Harvey og Devon Kershaw knuste storfavorittane i prologen for årets Tour de Ski. Petter Northug syntest derimot det var tungt.

– Eg har gått den bakken før, svarar Northug på spørsmål om vi ikkje kjem til å sjå han opp den avsluttande "monsterbakken" i Val di Fiemme neste søndag.

Northug vart nummer 25 på prologen, 24,6 bak vinnaren Alex Harvey.

– Det var ei god gjennomkøyring, men eg er ikkje i god nok form til å kjempe i teten. Det var tøft å kome hit frå høgda. Eg kjem til å gå fleire etappar i Touren, men eg vil vurdere etter kvart om eg kjem til å fullføre. Det kjem an på kva kroppen seier ifrå om, seier Northug.

Han var ikkje spesielt overraska over at han kom så langt bak.

– Denne traseen er nok hardare enn den brukar å vere i ein prolog, og eg synest eg gjorde det omtrent slik eg kunne vente. Eg har trent nokså mykje, og er stinn av trening og litt seig i kroppen, seier Northug.

– Du har ein "feeling" på trening, og den stemmer nokså godt med den forma du er i, seier Northug. No tek han ein dag om gongen utover i Touren.

Ser det an dag for dag

Trenar Eirik Myhr Nossum seier til NRK at dei ser det an heile tida kor mange etappar Northug skal gå.

– Når kroppen hans er sliten, står vi av. Planen er å gå så mange etappar som han må. Om det er alle, blir det slik. Men det er ikkje sikkert, seier Nossum.

– Korleis merkar du at han blir sliten?

– Då blir han stille og søv mykje.

Om Northugs løp i dag seier Nossum at det lenge såg bra ut.

– Men ut på sisterunden fekk han det tungt. Og i ei så hard løype som i dag der du må jobbe heile vegen, går sekunda fort, seier Nossum.

Han meiner det kosta meir enn det smaka å henge på svenske Calle Hallfvardsson i dag.

– Var det lurt, Petter?

– Ja, elles hadde eg halde på der ute enno.

No ser Northug sjølv fram til sprinten søndag.

– Det blir ei fin gjennomkøyring, seier han.

Jespersen redda norsk ære

Chris Jespersen redda den norske æra. 10,2 sekund bak Harvey gav tredjeplass.

– Det var forferdeleg, sa han til NRK etter målgang. Då hadde han brukt kjempekreftene sine på å slåst seg gjennom løypa.

– Eg var heldig som fekk henge på Maurice Manificat i dei to siste rundane. Eg hadde ikkje rekna med pallen i dag, sa dagens gladaste nordmann.

Landslagstrenar Trond Nystad var nøgd med tredje, sjette og niandeplass.

– FIS drit i dei beste løparane

– Men slik forholda var i dag, blir dei beste straffa når dei startar seint. Skiene gjekk djupare og djupare etter kvart, og derfor vart det tungt, seier Nystad.

– Men når FIS gøymer seg bak at dei må lage best mogeleg tv-sendingar, og derfor drit i dei beste løparane, blir det slik, legg landslagstrenaren til.

Han meinte forholda i dag tilsa at dei beste burde starta først. Han kritiserer også arrangørane for å ikkje ha nok reservesnø.

– Det burde dei ha tatt som ein forholdsregel. Det greier dei på Beitostølen, der dei hadde 20.000 kubikkmeter snø på lager. Det burde dei greidd her også, seier ein lettare irritert landslagstrenar.

Dei kanadiske løparane imponerte stort i prologen i Tour de Ski laurdag. Kershaw sette takten med eit tidleg startnummer, og seinare kom Harvey og gjorde det endå betre.

Sjå Harveys innspurt

Canadiske Alex Harvey gikk inn til ledelse i prologen i Tour de Ski lørdag. Se målgangen her.

Alex Harvey spurta imponerande i skoddehavet og vann Tour-prologen

– Dette var moro. Det er første gongen i vinter at eg har "funne meg sjølv", sa ein jublande glad Kershaw til NRK etter målgang – og før han visste kor langt framme han var.

Sundby innfridde

Martin Johnsrud Sundby kan kanskje vere nøgd med sitt løp. Han er ein av samanlagtfavorittane, og med ei sterk avslutning gjekk han inn til sjetteplass, 14,4 sekund bak den kanadiske vinnaren.

Finn Hågen Krogh enda på niandeplass, også han etter ei sterk avslutning.

– Eg er ikkje i form, men håpar at det skal kunne rette seg etter eit renn eller to, sa han til NRK før start.

Tung løype

– Eg trur prologen i dag kjem til å skilje mykje på herresida, sa NRK-kommentator Torgeir Bjørn ved starten av prologen – ein prolog han meinte er den tøffaste touren er opna med.

På grunn av omlegginga av løypa gjekk mennene tre rundar. Det innebar 4,5 km i staden for dei oppsette 4. Og det på ekstremt tungt føre.

Det var nemleg tungt i varme og snøfattige Oberhof laurdag. Arrangørane måtte salte løypa. Og utover i prologen kom også tåka og la seg tung og våt over skistadion. Det var nesten ikkje mogeleg å sjå løparane.

– Om det gjer det til ein fordel å starte tidleg, kjem an på kor gode arrangørane er til å salte, la Bjørn til.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal