– Ein tenker litt taktikk her. Kanskje han står over finalen om han ligg bra an, seier Steinar Mundal i det norske trenarteamet.
Northug: – Må vere på pallen om Dario er det
Northug har fem knallharde etappar i beina frå dei siste seks dagane.
Han kan gjere eit lurt trekk ved å spare krefter på dagens etappe, men det er ikkje aktuelt å spare på noe om Dario Cologna går vidare frå heat til heat.
– Viss Dario er på pallen så bør eg vere på pallen. Viss Dario er i finalen på sprinten så bør også eg vere det. Sånn er det bare, seier Northug.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Må vere svært taktisk
Bare 15,7 sekund skiljer dei to største favorittane på herresida i touren. Cologna leiar, 15,7 sekund framfor Northug.
Det er ikkje mykje, og det er ein del å vinne på å gjere smarte val taktisk, meiner Mundal.
– Så kva han vil gjere i dag kjem an på kven som går vidare. Han må vere svært taktisk i forhold til dei han kjemper i mot, seier Mundal.