– Martin er sterk, han blir veldig vanskeleg å slå.
Petter Northug har akkurat sett Martin Johnsrud Sundby knuse heile verdseliten nok ein gong. I Toblach rett før jul vann han sin femte siger (inkludert minitouren i Kuusamo) for sesongen og framleis har ingen andre enn 31-åringen vunne distanserenn i verdscupen.
Northug føler han har kontroll
– Eg trur me aldri har sett ein klarare Tour de Ski-favoritt enn det Martin er nå, seier Petter Northug til NRK.
Sundby sjølv veit at han går inn i vinterens store høgdepunkt som den største favoritten.
– Eg må vel finne meg i å ikle meg favorittstempelet ja, gliser han.
Sjølv hamna Petter Northug heilt nede på ein 59.-plass på den klassiske 15-kilometeren i Italia, men likevel meiner han at han er godt i rute før Tour de Ski.
– Bortsett frå i dag er eg veldig fornøgd med det som har skjedd før jul. Eg har bra kontroll på der eg skal vere i Tour de Ski, seier han.
NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland synest det er vanskeleg å spå kva Petter Northug kan få til ut ifrå det han han har vist til no.
– Men det er svært viktig at Petter sjølv seier han er i rute, ein 59.-plass treng ikkje å tyde at han er langt unna toppforma, seier Aukland og legg til at det er godt håp for at pila kan snu.
– Dersom ein utøvar skal gå optimalt i Tour de Ski så er det ingen fordel å vere i toppform før jul, seier Aukland som tidlegare har trena Dario Cologna som har vunne touren tre gonger.
Håpar på russar i toppen
Fleire av dei store profilane som tidlegare har prega Tour de Ski har slite med forma i førjulssesongen. Verken Dario Cologna, Aleksandr Legkov, Alex Harvey eller Maksim Vylegzjanin har vist seg spesielt fryktinngytande.
– Cologna har kanskje overraska meg mest. Men Cologna har jo hatt slike forsesongar før, for så plutseleg å blomstre i Touren.
Northug trur heller ikkje me har sett det beste av russarane.
– Russland kan plutseleg kome i form og få fram ein i toppen, som me såg med Belov i fjor. Det hadde vore bra om det er ein russar som er med å krige i toppen, meiner Northug.
Uansett er det nok dei to siste års vinnar Martin Johnsrud Sundby som vil vere den største rivalen.
– Er det mogleg å slå han?
– Kanskje på eit par etappar, smiler Northug lurt.