Sjølv om Petter Northug enda på 74. plass i dagens sesongopning på Beitostølen, med festesmørjing under skia, meiner han at å avgrense kor lange stavar ein får bruke er feil veg å gå.
– Folk må få stake med så lange stavar som dei vil, seier Northug.
Og det trass i at Northug ikkje har noko problem med å innrette seg etter det nye reglementet, som seier at stavane kan vere maksimalt 83 % av kroppslengd.
– Eg kan faktisk gå opp på lengde, seier Northug og smiler lurt.
– Komisk
Før dagens renn blei stavane sjekka, for at ingen skulle vere utanfor reglementet. Det skjønner ikkje Northug meininga med.
– Det er komisk. Eg ser ikkje noko poeng med det, fortel Northug.
Det vart også diskutert om det skulle vere stakefrie soner i sesongopninga
– Det hadde gagna meg i alle fall, seier Northug humoristisk.
Trass at Didrik Tønseth vann dagens renn på blanke ski, vurderer ikkje Northug å gjere det same i verdscupopninga Kuusamo.
– Me får sjå kven som stakar i Kuusamo. Eg kjem ikkje til å gjere det, seier Northug.
– Frustrerande
Også sjefen for langløpslaget Team Leaseplan GO, Thomas Alsgaard, sa til NRK i går at dei nye stavreglane er vanskelege å ta omsyn til.
– Det kom regelendringar på stavlengde fem-seks veker før sesongstart, som gjer at me må leggej om heile bevegelsesmønsteret og starte på nytt med det tekniske arbeidet. Det er frustrerande, erkjenner Alsgaard.
Vegard Ulvang i det internasjonale skiforbundet, FIS, seier at det er viktig at utøvarane støttar dei nye stavreglane
– Eg trur me må akseptere reguleringar i form av både stakesonar og stavar. Men klassisk langrenn vil ikkje overleve viss me ikkje aksepterer den typen regulering og kontroll.
Men han at det er heilt andre ting som skal til for å ta vare på diagonalgang og klassisk stil i langrenn.
Vil forby arenaer å arrangere klassiskrenn
– Ein må legge det til tøffe nok løyper, der det er umogleg å gå utan smørjing. Ein må behalde løyper slik som i Holmenkollen og Falun, seier Northug.
Han håpar at ein kan behalde fire til fem tøffe trasear i løpet av verdscupsesongen, der dei som stakar ikkje har sjanse til å vinne.
– Eg håpar at dei som har slike løyper får klassiskrenn. Me må prøve å ta vare på klassisk langrenn.
Og Northug meiner også at det må få konsekvensar for dei som for flate trasear.
– Dei som har løyper slik som til dømes Toblach bør ikkje få lov til å arrangere klassiskrenn, avsluttar Northug.