Ingen var i nærleiken av å tukte Matti Heikkinen i gårsdagens Lysebotn opp. Nærmaste konkurrent var Tarjei Bø, som enda 53 sekund bak finnen. Det imponerer Petter Northug, som sjølv hamna langt nede på resultatlistene.
Han trur at Heikkinen blir ein av dei tøffaste medaljeutfordrarane i VM i Lahti til vinteren.
– Ja, absolutt. Han har jo ein rå kapasitet, og i dei løypene han får i Lahti, er han absolutt gullkandidat.
Medan finnen sjølv er ganske beskjeden.
– Eg held fram til Lahti, so får me sjå kva som skjer.
Heikkinen har teke grep for å prestere i VM på heimebane, i vår trente han blant anna mykje med nordmenene.
Ekstrem-løp
Før løpet var tonen derimot ein heilt anna. Heikkinen, som er regjerande meister i Lysebotn opp, lanserte seg sjølv som stor favoritt.
– Eg har høyrt at alle dei norske vil slå meg, men dei skal få det hardt.
Og Heikkinen har det med å levere løp i verdstoppen frå tid til annan. Den største utfordringa hans har vore å prestere på jamt nivå. Men når han verkeleg får det til, kan det gå heilt til topps, slik som det gjorde på 15-kilometeren i VM i 2011.
– Han har sjokkert oss før, han. I VM i Oslo i blant anna. Han leverer av og til sånne ekstrem-løp, og får han det på heimebane blir han vanskeleg å slå, seier Northug.
Sjølv med ein maktdemonstrasjon i oppoverbakkane, meiner Heikkinen at treningssesongen ikkje har vore optimal so langt.
– Den var vore litt opp og litt ned. Eg prøver å flytte grensene mine so langt eg kan. Eg skal fortsette å jobbe, so får me sjå kva som skjer.
Ventar med forma
Petter Northug var aldri i nærleiken av å slå Heikkinen i dei bratte bakkane, og kunne sjå finnen stikke av garde som eit prosjektil.
– Han er jo sterk. Han viste med løyperekorden i fjor kor sterk han er. Det er imponerande den farta han held heile vegen frå botn.
Det bekymrar derimot ikkje Northug, som ikkje blir særleg uroa av å ha mange framom seg på resultatlistene.
– Ein ser på dei norske løparane. 97,5 % av dei er gode her, men med ein gong ein kjem til vinteren er dei vekke. Eg trenar for å gå fort i dei øvingane til vinteren