Nordmannen hadde 40 sekund å gå på i samandraget før søndagens renn i Kuusamo.
Tidleg i løpet auka Northug og sikra ei luke på 53 sekund ned til forfølgjargruppa.
Men frå 10 kilometer til passering 11,4 kilometer tok konkurrentane kraftig innpå, og Northug hadde plutseleg berre 25 sekund å gå på.
– Eg følte at eg hadde rana til meg 50 000 euro i ein koffert og at eg hadde 100 000 politifolk etter meg, seier Northug til NRK.no.
Summen tilsvarar bonusen for å vinne i Kuusamo.
– Verste løpet i karriera
Inn mot mål var knappa forfølgjargruppa, anført av Maxim Vylegzhanin (RUS), Dario Cologna (SUI) og Alexey Poltoranin (KAZ), ytterlegare innpå. 1,1 kilometer før mål var dei under 13 sekund bak Northug.
– Eg jobba mentalt med meg sjølv på sisterunden. Eg skulle ha litt krefter att på toppen for å kunne slå om. Sjølv om eg gjer det tek dei innpå. Dei rullerer, nesten som i eit sykkelløp, der du berre blir spist inn. Eg var så sliten. Det var berre vondt, seier langrennsløparen.
Trioen jobba knalltøft og plukka stadig sekund. Inne på stadion var Vylegzhanin og Poltoranin berre få meter bak Petter Northug.
Ut av siste sving sette Northug inn turboen og sikra samanlagtsiger i Kuusamo.
– Eg hadde vondt over alt. Det var smerte. Det er det verste løpet i karriera mi, og eg gjekk i transe på slutten. Denne idretten får ikkje mine barn lov til å starte med, seier Northug.
I mål var Northug 1,4 sekund føre russaren Vylegzhanin, medan Alexey Poltoranin var 3,4 sekund bak Northug.
– Han har sjeldan vore så langt ned i kjellaren. Å vinne ein spurt når du blir teke att med så mykje er sterkt, sa NRKs langrennskommentator Jann Post.
Låg strekk ut
Northug var tydeleg sliten, og låg strekk ut i snøen i 3 minutt og 33 sekund. Då vart han løfta på beina av lege Dag Lunder og pressemann Rolf Nereng.
– Petter ville berre liggje. Eg fekk raskt kontakt med han og var ikkje bekymra over hans fysiske tilstand. Han var såpass varm at det ikkje er noko problem å liggje i snøen desse minutta, seier Lunder til NRK.no.
Ifølgje NTB passerte Petter Northug Thomas Alsgaard når det gjeld talet på verdscupsigrar. Søndag sikra han sin 15. verdscupsiger. Dermed er det kun Bjærn Dæhlie, Vladimir Smirnov og Gunde Svan som har fleire verdscupsigrar enn Northug.
Dette var også Norges 340. verdscupsiger i langrenn for kvinner og menn.
- 46: Bjørn Dæhlie
- 30: Vladimir Smirnov og Gunde Svan
- 14: Petter Northug
- 13: Thomas Algaard og Torgny Mogren
- 12: Jens Arne Svartedal
Både Martin Johnsrud Sundby, Pål Golberg og Sjur Røthe var lenge med i gruppa som jaga Northug, men måtte sleppe då farten vart stor mot slutten.
Johnsrud Sundby vart nest beste nordmann på 6. plass, medan Pål Golberg vart nummer 11. Sjur Røthe enda to plassar bak lagkamerat Golberg.
Resultatliste:
- 1. Petter Northug (NOR) 41:38,3
- 2. Maxim Vylegzhanin (RUS) +1,4
- 3. Alexey Poltoranin (KAZ) +3,4
- 4. Dario Cologna (SUI) +7,8
- 5. Ilia Chernousov (RUS) +21,1
- 6. Martin Johnsrud Sundy (NOR) +22,4
- 7. Alexander Legkov (RUS) +24,5
- 8. Dmitry Japarov (RUS) +24,6
- 9. Emil Jönsson (SWE) +30,0
- 10. Evgeniy Belov (RUS) + 31,3
- 11. Pål Golberg (NOR) +32,5
- 12. Marcus Hellner (SWE) +33,4
- 13. Sjur Røthe (NOR) +34,7
- 14. Maurice Manificat (FRA) +37,6
- 15. Calle Halfvarsson (SWE) +45,2
- 16. Nikolay Chebotko (KAZ) +1.06,2
- 17. Chris Andre Jespersen (NOR) +1.20,1
- 18. Matti Heikkinen (FIN) +1.34,8
- 19. Jens Filbrich (GER) +1.37,0
- 20. Tim Tscharnke (GER) +1.38,4
Øvrige norske:
- 31. Niklas Dyrhaug +2.06,1
- 34. Eldar Rønning +2.08,4