Petter Northug seiler inn på skistadion med svensk drakt.
Foto: ULF PALM / TT / NTB scanpix– Det gir meg ingenting å vinne her. Det var ei grei gjennomkøyring, men eg jublar ikkje over dette, seier Northug til norsk presse.
– Det blir som om eg skulle ha jubla over å ha slått lillebror min i løping då han var tre og eg var 14, seier Northug.
Over 10 kilometer i dei svenske skogane var ingen i nærleiken av Northug, som viste at han er på gang før sesongopninga i Kuusamo neste helg.
29-åringen slo andremann Jimmie Jonsson med så mykje som 36 sekund.
Kontroversiell svenskedrakt
Likevel var ikkje Northug spesielt entusiastisk etter målgang. Forståeleg nok sidan dei aller beste svenske løparane ikkje stilte til start.
– Det betyr ingenting å vinne her i dag. Hadde eg gått samme løp på Beitostølen hadde eg ikkje klart topp 10 ein gang, hevdar 29-åringen.
Det mest oppsiktsvekkande var å sjå VM-helten i gule og blå fargar på ei heilkvit drakt. Med Sveriges fargar fossa han gjennom løypa, og innrømma at det ikkje bare var positive reaksjonar å få på stuntet.
– Nokre ser på dette med hat, men eg dømmer ingen. Folk får lov til å meine kva dei vil, seier Northug.
Tung i kroppen
Nordmannen var spesielt sterk på dei siste rundane av 10-kilometeren, men føler han treng meir tid før han er i toppslag
– Kjenner jeg er treningsseig. Eg manglar litt trøkk og pønsj.
Eg ville gått fortare utan festesmurning, men eg gjorde det med tanke på verdenscupåpninga i Kuusamo neste helg, seier Northug.