Hopp til innhold

Northug fekk det vondt – og det er eit godt teikn

Petter Northug hadde det skikkeleg vondt på den siste runden. Det lover godt før dei siste fire etappane av Tour of Canada, meiner han.

Petter Northug

PRØVDE: Petter Northug gjorde eit heilhjerta forsøk på å hente inn Sergej Ustjugov, men russaren var rett og slett for sterk.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det var ein hard fight med Ustjugov. Han gjekk fort og eg prøvde å hente inn forspranget. På sisterunden tapte eg tre-fire sekund, men alt i alt er eg nøgd, seier Northug til NRK etter målgang.

Korleis er formen?

– Eg kjende at eg hadde det vondt på dei siste rundane, og for å kunne få det må ein vere i god form. 22 sekund opp er ikkje ille, og eg gler meg til nye tøffe fightar med Ustjugov i Canmore, svarar Northug.

I mål var han 17,7 sekund bak russaren. Ut frå start var avstanden 16,7 sekund, og i tillegg tapte han fem bonussekund.

– Northug virker å vere i balanse og i god form,. Han er lysten på å vinne denne touren, og det har han verkeleg sjansen til, seier NRKs langrennsekspert, Fredrik Aukland.

Sergej Ustjugov står i mot jakten frå alle bak og tek sigeren. Dermed tek han også 15 bonussekund. Petter Northug er 17,7 sekund bak russaren i mål.

EIGEN KLASSE: Sergej Ustjugov holdt avstanden til Northug, og auka leiinga i samandraget med seks sekund.

For tøft for Iversen

Northug såg seg over skuldra etter Iversen ut frå start, og etter få kilometer var dei samla og jakta russaren i lag. Det holdt ein liten runde i den fire kilometer lange løypa, før Northug tok sa takk og farvel til romkameraten og tok opp jakta på russaren aleine.

– Eg må seie meg nøgd med å ligge som nummer tre samanlagt. Det gjekk litt tungt idag, men eg er nøgd. Eg kjende fort at Petter gjekk for hardt og då slepte eg han, seier Emil Iversen til NRK etter målgang.

– Eg ser lyst på sjansane mine, eg ligg mykje betre an enn det eg hadde håpa på.

Iversen tok att dei knappe ti sekunda han var bak Northug kjapt, men fekk det tøft mot slutten og tapte tilslutt eitt minutt og to sekund i kampen om samanlagtsigeren, i tillegg til ti bonussekund.

Imponert over Ustjugov - trur på norsk vinnar

Dei norske har latt seg imponera av russaren som holdt unna i front heile vegen.

– Han er i ein klasse for seg, han er sterk, seier Iversen.

– Han er i skremmande god form for tida, men eg er sikker på at det vert ein nordmann som vinn tilslutt, seier Martin Johnsrud Sundby.

– Kven då?

– Petter ligg bra an, og den klassiske sprinten som kjem passar også Emil bra. Eg har heller ikkje gitt opp sjølv, eg skal gjere mitt for å kjempa om sigeren, legg Tour de Ski-vinnaren til.

Martin Johnsrud Sundby gjekk raskast av dei norske og starta 2.13 minutt bak. Han tok inn 23 sekund i dagens løp og medrekna bonussekunda ligg han no 2.05 minutt bak russaren.

Alex Harvey knuser Martin Johnsrud Sundby i spurten og gledar heimepublikummet med fjerdeplassen. Han ender 1,48 bak Ustjugov og både han og Sundby tek kraftig innpå Emil Iversen i samandraget.

FEMTEPLASS: Alex Harvey slo Martin Johnsrud Sundby i kampen om fjerdeplassen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal