Pila ser ut til å peike i riktig så god retning for Norges store OL-håp i langrenn for menn.
Onsdag blei Northug einig med Norges skiforbund om avtalen som regulerer Northugs forhold til skiforbundet både sportsleg og markedsmessig.
No har han også forlenga treningsopphaldet i Val Senales med fem dagar.
Langrensstjerna skulle reist heim torsdag, men har det så bra i Italia at han like greit blir til tirsdag.
– Har gjort ein god treningsjobb
Det betyr at Northug, som lenge sleit med virusproblem i forsesongen, får tre fulle veker i hødga før sesongstarten.
– Han har gjort ein god treningsjobb og trivst godt med å trene i Val Senales. Der blir han ikkje forstyrra og kan trene for seg sjølv, seier trenar Eirik Myhr Nossum til NRK.no.
– Det Petter treng er mest mogleg trening på denne sida av nyttår, legg Nossum til.
Usikker
Truleg stiller han til start på Beitostølen førstkommande helg. Planen er å gå renn fredag og søndag.
– I utgangspunktet står den planen enno ved lag, men vi tar ei evaluering inn mot helga, seier Nossum.
Utgangspunktet for Northug har også vore å gå verdscup i Kuusamo i slutten av november og starten av desember, droppe verdscup i Lillehamer helga etter og stille til start på ei distanse i Davos i midten av desember.
Men enno er det ikkje hundre prosent sikkert kva han bestemmer seg for.
– Det er eitt av alternativa, men ingenting er spikra i stein. Først og fremst fullfører han opphaldet i Italia. Konkurransar kjem i andre rekke. Vi vil også bruke ein del av konkurransane som trening i løpet av sesongen. Eg kan ikkje presentere ein fullstendig konkurranseplan no, seier Nossum.