Hopp til innhold

- Håpar å vinne like mykje som i fjor

Langrennsesset Petter Northug speler på ny for millionsummar i poker-VM i Las Vegas. Allereie første dagen sit han i 12 timar rundt pokerbordet.

Northug

Petter Northug bryr seg ikkje mykje om kritiske røyster som meiner han ikkje bør spele pokerturneringar. Her før start i poker-VM i Las Vegas.

Foto: Anders Engeland / NRK

– Ikkje noko provoserer meg meir enn idrettsutøvarar som reiser til Latvia for å spele poker, sa næringsminister Trond Giske om Petter Northugs deltaking i poker-NM i Latvia.

Ni dagar etter refsen frå Giske sit Northug på ny rundt pokerbordet. Denne gangen i VM i Las Vegas der turneringa starta laurdag kveld norsk tid.

– Det kriblar litt i magen. Alltid spennande å komme i gang. Eg er litt smånervøs no, seier Petter Northug til NRK før han går inn for å spele VM i poker.

(artikkelen held fram under biletet)

Northug2

Petter Nordthug rundt bordet i Las Vegas.

Foto: Anders Engeland / NRK

Må overleve første dagen

Langrennsesset byrjar å bli ein noko rutinert spelar i turneringssamanheng, og har mellom anna fått tennisstjerna Boris Becker rundt samme bord under European Poker Tour i Monte Carlo i fjor.

I Las Vegas skal han no køyre knallhard taktikk frå første stund.

– Det er alltid spennande å sjå kven ein hamnar på bord med. Eg må prøve å samle litt informasjon dei tre-fire første timane. Så får eg involvere meg mot dei eg føler er svakast, seier taktikaren Northug.

Og allereie første dagen er det vinn eller forsvinn for nordmannen.

– Klart det handlar om å overleve og å få med seg chips. Vi startar med 30.000. Ender eg med 45. til 60.000 hadde det vore ypperleg, seier Northug.

Det er andre gongen nordmannen deltek i VM for å spele poker. I fjor kjempa han mellom anna med langrennsrival Marcus Hellner i meisterskapen.

  • SJÅ VIDEO: Petter Northug under poker-VM i fjor
Video Northug taper i poker

Northug taper i poker

Speler i 12 timar i starten

Northug skal spele i 12 timar før første dagen er over. Det kan vere ei utfordring når over 6000 spelarar er med. Då er det greit å bruke musikk.

– Eg høyrer litt på musikk og slappar av. Det blir mykje støy i lokalet. Ein slappar av meir og prøver å vere konsentrert. Det handlar om å vere våken og konsentrert, seier Northug få minutter før det startar.

Ein må betale ti tusen dollar for å vere med i VM og vinnaren sit igjen med rundt 50 millionar kroner.

– Det er mykje å spele om. Men då skal ein ha mykje tur. Sit eg så lenge er det ikkje sikkert det blir tur til Davos. Håper på at eg ryk ut litt tidlegare, seier Northug.

(artikkelen held fram under biletet)

Giske og Northug

Petter Northug har fått mykje kritikk for pokerverksemda av mellom andre næringsminister Trond Giske.

Vil vinne like mykje som i fjor

I fjor vann han over hundre tusen kroner. Målet er å bli ein av dei som kan ta med seg penger heim i år også.

– Eg håpar å komme til dag fire eller fem og få like mykje pengar som i fjor. Det hadde ikke vore feil å få med seg litt pengar heim, avsluttar Northug før han hastar inn.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal