Han seier at fridagen tysdag gjorde godt. No er han gira på eit godt langløp (36 km) torsdag - på 25-årsdagen sin.
Og han samarbeider gjerne med ein annan utfordrar, russiske Alexander Legkov.
- Ja, på oppvarminga i morgon skal eg klappe han på skuldra og seie at han er i god form, og at han berre får gi gass og dra, seier Northug.
Petter Northugs
onsdag førte han frå sjuande- til fjerdeplass i Tour de Ski samanlagt.Trur du Northug slår til med etappesiger på 25-årsdagen sin torsdag? Diskuter - og gratuler!
- No må vi samarbeide
Han er 1.45 minutt bak leiande Dario Cologna, men berre minuttet bak Devon Kershaw, og halvminuttet bak Marcus Hellner på tredjeplass. Rett bak seg har han russiske Alexander Legkov, og ser fram til eit samarbeid.
- Vi er ikkje kjende for å samarbeide, men i morgon må vi. Eg er glad for at eg kom meg forbi dei løparane eg passerte i dag. I morgon skal Legkov og eg bli eit sterkt par, seier Northug til NRK.
Northug er i angrepshumør etter tredjeplassen på sprinten i Toblach onsdag. Han er i ferd med å gå seg i form, og ser fram til avslutninga av Tour de Ski. Og trass i at han tapte spurten i Toblach, er han rimeleg fornøgd med dagen.
Kunne vore meir offensiv
- I staden for å halde igjen litt inn mot spurten, kunne eg nok ha vore litt meir offensiv, seier Petter Northug etter trejdeplassen på sprinten i Tour de Ski onsdag.
Northug kom bakpå inn mot skistadion og klarte aldri heilt å ta igjen Kershaw og Dario Cologna - løparar som han normalt skal slå i ein spurt.
- Ja, det er to løparar eg bør slå på slutten der. Men eg fekk ikkje bakskia deira inn på oppløpet, og då vart det vanskeleg. Eg såg at det vart for langt opp, og derfor gjekk eg for å sikre tredjeplassen på slutten, seier Northug til NRK.
Blir betre for kvart løp
Han er ikkje uroleg for formen.
- Eg kjenner at eg blir i betre og betre form for kvart løp. Eg har gått få løp på forsesongen, så no kjennest det ut som om eg går meg i form. Kvart løp hjelper på, seier Northug.
- Går du framleis for siger?
- Alt kan skje. Men med det forspranget Dario (Cologna) har, skal det mykje til å slå han. Men det er tre distanserenn igjen, så alt kan skje. Det er iallfall ikkje aktuelt å gi opp, seier Petter Northug.