Proffklubbane står nærmast i kø for å skrive kontrakter med norske syklistar. Og norske sykkeltalent står i kø for å bli proffar.
Fleire talent kan i nær framtid bli lagkameratar med stjerner som Chris Froome og Mark Cavendish.
– Det er kult og imponerande at vi har så mange proffar, seier Alexander Kristoff. – Det viser at det blir jobba godt i miljøa rundt omkring.
- August Jensen er så godt som klar for eit nytt israelsk profflag.
- Anders Skårseth skal vere på veg til Dimension data, Edald Boasson Hagens lag.
- Kristoffer Halvorsen er på veg til britiske Sky.
Ni mann til VM
Samstundes er det klart at Norge får full kvote, ni ryttarar, under landevegsrittet i VM på heimebane i Bergen i september, etter suksessen med Arctic Race, der August Jensen blei nummer to samanlagt og vann ein etappe.
Det er andre år på rad at Norge får full VM-kvote. Tidlegare har det hendt berre ein gong, i 2009.
– Eg meiner det er eitt av dei beste laga i verda. Når ein får ei tilbod derfrå, må ein vurdere det sterkt. Så får vi sjå kva det blir, seier Halvorsen.
– Draumen er å få køyre Tour de France og dei største klassikarane, og å vere på eit lag som gir det sjanse til å gjere det, seier Skårseth.
Det er snart sju år sidan Thor Hushovd blei verdsmeister og bana veg for norsk sykkelsport. For to år sidan passerte Norge ti sykkelproffar. Neste år blir talet nærmare 20, og utlendingane leitar etter ei ny norsk stjerne.
– Vi prøver å finne ein norsk juvel. Eg trur det er det alle leitar etter, og vi veit at det gror her, seier Hushovd.