NRK Meny
Normal

Superforma har redda Norges EM-spel

DEBRECEN (NRK.no): I berre éin av fem EM-kampar har Noreg spelt best før pause, men den siste halvtimen har ingen klart å halde følgje.

Nora Mørk

– Vi merkar utover i andreomgangane at dei andre blir litt slitne, seier Nora Mørk. Her mot Polen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi merkar utover i andreomgangane at dei andre blir litt slitne, seier Nora Mørk til NRK.

Måndag storspelte 23-åringen mot Polen da Norge sikret semifinaleplass , men det kunne gått langt verre.

Polakkane leia 15-11 til pause og Noreg hang ikkje med.

– Vi prøvde å seie til kvarandre at dette var andre omgang. Men det verka ikkje, seier Mørk.

Noreg ligg langt framme når det gjeld restitusjon etter kampane, og når det gjeld kosthald.

Øystein Havang

Men som i nesten alle dei andre EM-kampane vakna dei norske jentene etter pause. Til slutt vann dei 26-24.

– Betre trent

Vi har sett det gong på gong i årets EM: Noreg snublar og trøblar i starten. Så snur dei kampen etter pause og vinn.

NRKs handballekspert Øysetin Havang er ikkje i tvil om kva som er årsaka til dette.

– Dei norske jentene er betre trent enn motstandarane, sier han.

Men årsaka er meir samansett enn det. Det handlar også om mental styrke, og om at Noreg ligg langt framme når det gjeld restitusjon etter kampane, og når det gjeld kosthald. Til saman blir dette årsaka til dei sterke norske andreomgangane, seier NRKs handballekspert Øystein Havang.

Thorir Hergeirsson

Landslagstrenar Thori Hergeirsson vil heller fokusere på den norske evna til å snu kampen i andre omgang

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Ventar på at Noreg skal snu kampen

Han trur også Noreg no har fått et mentalt overtak, slik at motstandaren etterkvart reknar med ei slik utvikling.

– Dei går ut med det dei har, og ventar nærmast på at Noreg skal snu kampen, seier Havang.

Berre i opningskampen mot Romania viste dei norske jentene seg fram i første omgang. I dei fire neste kampane har det vore vanskelegare og vanskelegare i opninga, og lenger og lenger før Noreg har henta inn slakken. (Sjå faktaboks).

Veit ikkje grunnen

Landslagssjef Thorir Hergeirsson er på si side ikkje like sikker på årsaka som Havang.

– Hadde eg visst kvifor det er slik hadde vi ikkje vore i den situasjonen, seier Hergeirsson til NRK og legg til:

– Vi får finne det ut. Vi får leite litt saman med spelarane, det er ofte lurt å spørje dei.

Gler seg over evna til å snu kampen

Han vedgår at laget har hatt fleire kampar der dei har starta for dårleg.

– Når det er sagt, er eg meir opptatt av at vi greier å snu det, å justere og reise oss. Det trur eg er endå viktigare å ta med seg, seier Hergeirsson.

– Då viser vi at vi er godt trent, og det byggjer opp sjølvtilliten.

Siste nytt

  • Alle tre topplaga tapte

    Både Aalesund, Viking og Sandnes Ulf tapte i dagens runde i 1. divisjon. Resultat: Aalesund - HamKam 1,2, Jerv - Viking 3-2, Mjøndalen - Sandnes Ulf 1-0, Sogndal - Strømmen 5-1, Florø - Levanger 0-2, Notodden - Åsane 0-0, Tromsdalen - Nest Sotra 3-1.

  • Selvmål reddet Haugesund

    Tromsøs Kent-Are Antonsen scoret kampens eneste mål i oppgjøret mot FK Haugesund søndag. Han satte ballen i feil mål i første omgang, og FKH vant 1–0.

     Kent-Are Antonsen
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
  • Scoret fem mål på 12 minutter

    Sogndal havnet tidlig under 0–1 i søndagens 1.-divisjonskamp mot Strømmen.

    Så scoret Sogndal fem mål fra det 18. til det 30. minutt. Etter en halvtime sto det 5–1 på Fosshaugane. Det ble også sluttresultatet for Eirik Bakkes menn.

    Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0
    Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien: Rosenborg - Brann