Hopp til innhold

Norske fotballtalent overraskar i England: – Ein revolusjon

Bryan Fiabema, Isak Hansen-Aarøen og Oscar Bobb er blant Noregs største fotballtalent. No imponerer dei i høvesvis Chelsea, Manchester United og Manchester City.

Fiabema, Bobb, Hansen-Aarøen

TALENT: Isak Hansen-Aarøen, Bryan Fiabema og Oscar Bobb imponerer i høvesvis Manchester United, Chelsea og Manchester City.

Foto: Fredrik Hagen, Thomas Brekke Sæteren / NTB, NFF

– Norsk fotball har vore gjennom ein revolusjon. Dei har gått frå amatør-inngang til ein profesjonalisering når det gjeld å utvikle unge spelarar. Utviklinga har vore bra, og eg ser positivt på framtida, seier Jan Peder Jalland, landslagssjef for Noregs G16-landslag i fotball.

Noreg har stjerner som Martin Ødegaard, Erling Braut Haaland og Jens Petter Hauge som alle får speletid i store klubbar.

Samtidig skjer det òg mykje spennande i dei yngre rekkjene. Spelarar som Oscar Bobb (Manchester City), Isak Hansen-Aarøen (Manchester United), Bryan Fiabema (Chelsea) og George Lewis (Arsenal) får alle vist seg fram i nokre av dei største klubbane i verda.

Tromsø-guten Bryan Fiabema (17) har imponert stort for Chelsea sitt U23-lag, og han har mellom anna trena med stjernene på A-laget ved fleire høve.

Eit anna Tromsø-talent, Isak Hansen-Aarøyen, har på si side gjort seg merka på Manchester Uniteds U18- og U23-lag.

«Ballettdansar»

Jonas Johansen, utviklingsansvarleg i Tromsø IL, er stolt over spelarane som no tek steg i to av dei største fotballklubbane i verda. Han har følgt dei tett sidan dei spelte i Tromsø og gjekk til Manchester United og Chelsea.

Jonas Johansen

FØLGJER TALENTA: Jonas Johansen har følgt Isak Hansen-Aarøen og Bryan Fiabema i fleire år.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

– Det er kjempegøy å sjå. Samtidig er eg ikkje spesielt overraska over det dei gjer. I og med at eg har vore så tett på begge to, så veit eg kva dei har både av kvalitet og det mentale aspektet. Eg har tenkt at dei tek nivået ganske greitt, seier Johansen til NRK og held fram:

– Men ein blir imponert. Det er to store akademi som kan hente spelarar som dei vil over heile verda.

Strukturen i akademia er noko forskjellig. Chelsea sender gjerne sine aller største talent på utlån, for så å etter kvart bestemme seg for om spelaren skal satsast på eller om dei skal seljast til ein annan klubb.

– Historisk sett har dei (Chelsea) gode erfaringar med utlån, men dei har teke ned talet på utlån litt. Men det er ei moglegheit. Bryan er veldig tøff mentalt, for han har i stor grad klart seg på eiga hand sidan han var ung, seier han.

Nemnde Hansen-Aarøen skal prøve å imponere Ole Gunnar Solskjær. United-sjefen følgjer nøye med på alt som rører seg i akademiet, fortel Johansen.

– Når han utmerker seg, vil han få sjansen på førstelaget. Eg trur ikkje det er så lenge til før han får nokre økter med A-laget, seier Johansen.

Han fortel at dei to talenta er ganske så ulike som spelartypar. Johansen meiner at Fiabema har ein enorm fysikk som matchar a-lagsspelarane i Tromsø då han var i klubben.

Hansen-Aarøen blir beskrive som ein «ballettdansar» med ei god speleforståing og god timing for når han skal sleppe ballen vidare og når han kan drible.

– City har trua på han

Landslagssjef Jalland har sett alle United-kampane til Hansen-Aarøen (16). Han synest at ungguten har teke overgangen på ein positiv måte.

– Han har ein sterk mentalitet og lærer hurtig. Når han er såpass spennande type med ballen, i tillegg til god fysikk, så er det ein pakke eg har veldig tru på, seier Jalland.

George Lewis (20) har levert godt for Arsenal. Han er fast inventar på U23-laget, og han har komme inn for førstelaget i ein treningskamp.

– Han er ein spelar med enormt potensial. Noreg har utvikla mange talent dei siste åra. De gjer veldig mykje riktig, sa Mikel Arteta til VG på pressekonferansen før kampen mellom Arsenal og Molde.

Gunnar Halle, som er landslagssjef for 2003-årgangen, lèt seg imponere over elevane sine Oscar Bobb og Bryan Fiabema.

UEFA European Under-17 Championship - Group B - Portugal v Norway

LANDSLAGSSJEF: Gunnar Halle trenar Bryan Fiabema og Oscar Bobb på U17-landslaget.

Foto: Peter Cziborra / Reuters

Bobb (17) har levert gode kampar for Manchester Citys ungdomslag.

– Han har gjort det bra, og dei (City) har trua på han. Han har gått gradene, og han flytta til England med ein gong han fylte 16. Det har vore ei positiv utvikling, sjølv om det er ein tøff skule å gå, fortel Halle.

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med spelarane gjennom dei respektive akademia deira.

Følger King og Dæhli

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner det skjer mykje spennande i norsk fotball. Samtidig påpeikar han at vi har hatt unge spelarar i engelske klubbar tidlegare.

Manchester United's King and Eikrem stand together during the warm-up before their English League Cup soccer match against Wolverhampton Wanderers in Manchester

AKADEMIGUTAR: Både Joshua King og Magnus Wolff Eikrem var ein del av Manchester Uniteds akademi.

Foto: Phil Noble / Reuters

– Talent har fleire vegar. Nokon gjer det lokalt, medan nokon går ut tidleg til akademi. Men det er ikkje noko unikt at vi har spelarar i akademi i Europa, seier Torp og viser til spelarar som Joshua King, Mats Møller Dæhli og Abdisalam Ibrahim, der dei to førstnemnde var ein del av Manchester United og sistnemnde ein del av Manchester City.

Torp viser òg til at tre av dei største stjernene våre, Jens Petter Hauge, Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland har alle først vist seg fram på seniornivå i Noreg før dei tok turen til utlandet.

Siste nytt

  • Arsenal og Ødegaard slått ut av Mesterligaen

    Arsenal skapte knapt sjanser og tapte 0–1 borte mot Bayern München. Dermed ble Martin Ødegaard og co. slått ut i kvartfinalen i Mesterligaen etter 2–3-tap sammenlagt.

    Bayern München skapte heller ikke all verden, men Joshua Kimmich scoret onsdagens eneste mål og sendte den tyske storklubben til semifinale.

    Raphaël Guerreiro svingte ballen inn i Arsenal-feltet. Der kom Kimmich stormende, og headet ballen kontant inn i det lengste hjørnet.

    Ødegaard var stort sett involvert i det lille Arsenal skapte, men verken langskudd, gode pasninger eller forsøk fra skrått hold var i nærheten av å overliste Bayern-keeper Manuel Neuer.

    Arsenal var denne sesongen med i Mesterligaen for første gang siden 2016/17-sesongen, men ble også da slått ut av Bayern München. Den gang endte det 10–2 til Bayern i åttedelsfinalen.

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Bayern Munich v Arsenal
    Foto: Leonhard Simon / Reuters
  • Vålerenga utlignet NM-finalen mot Storhamar – hat trick fra Karterud

    Jørgen Karterud ble nøkkelmann med tre mål da Vålerenga snudde til 5-2-seier over Storhamar i den andre finalekampen i NM-sluttspillet i ishockey.

    – Det er helt magisk. Man går rundt med frysninger hele matchen egentlig. Nei, det er helt magisk, spesielt som Vålerenga-gutt, sier Karterud til TV 2.

    Onsdagens resultat på et fullsatt Jordal betyr at det står 1-1 sammenlagt i en serie som spilles i best av sju oppgjør.

    Storhamar tok ledelsen ved Marcus Bryhnisveen etter drøyt ti minutter, men 70 sekunder senere var lagene like langt etter Karteruds første scoring for kvelden.

    Karteruds andre mål sendte Vålerenga i føringen etter halvspilt midtperiode, og Alex Dostie økte til 3-1 kun 38 sekunder senere.

    På benken tok Storhamar-trener Petter Thoresen grep umiddelbart. I timeouten skjelte han ut spillerne sine, og i pausen avslørte kaptein Patrick Thoresen at faren med rette hadde stemplet dem som «jævlig diva» og «ræva».

    – Dette var dårlig, enkelt og greit. Det ser ut som vi er veldig høye på oss selv og er ekstremt fornøyde med kampen vi gjorde sist, sa Storhamar-veteranen til TV 2 før sluttperioden.

    Dostie la på til 4-1 kort tid etter den siste pausen, mens Tommy Hjelm tente et lite Storhamar-håp med en kjapp redusering.

    Nærmere kom ikke gjestene, og i stedet fullførte Karterud hat tricket i sluttsekundene.

    Den første finalekampen vant Storhamar 5-1. Lagene møtes igjen på Hamar fredag.

    Storhamar tok sist NM-pokalen i 2018, mens Vålerenga tok klubbens siste av 26 i 2009. (NTB)

    Jørgen Karterud jubler for mål i 2. NM-finale mot Storhamar
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Heggebø reddet Brann mot HamKam

    Brann var på vei mot nok en frustrerende hjemmekamp, men ti minutter før slutt dukket Aune Heggebø opp og sørget for 1–0-seier over HamKam.

    Etter at sesongens første hjemmekamp for Brann endte med 0–2-tap for Fredrikstad, var bergenserne på vei mot nok en målløs kamp på Brann Stadion.

    Det ville i så fall vært første gang siden høsten 2019 at Brann ikke scoret på to strake hjemmekamper i Eliteserien.

    Da tok angrepsduoen til Bergens Stolthet ansvar, og sørget omsider for jubel blant de drøyt 14.000 på tribunen.

    Bård Finne klarte på mesterlig vis å tråkle seg gjennom på venstresiden i HamKam-feltet, før han fant Heggebø foran mål. 22-åringen bredsidet kontant inn matchvinnermålet.

    Etter fire kamper av eliteseriesesongen har Brann syv poeng, mens HamKam har ett.

    Aune Heggebø jubler for 1-0-scoring mot HamKam i Eliteserien.
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal