Hopp til innhold

Norsk VM-håp påkøyrt på sykkeltur – sjåføren stakk av

Ein treningstur på sykkel enda med påkøyrsel av bil, eit ufrivillig møte med asfalten og stor dose adrenalin for det norske VM-håpet. No skal forbundet kontakte politiet.

LArs Benske ble påkjørt på treningsleir før VM i roing

UHELDIG: Lars Benske vart påkøyrd på treningsleir. Her er han fotografert ved eit anna høve.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Det kunne ha enda skikkeleg ille.

Det fortel landslagsroar Lars Benske til NRK dagen etter den dramatiske hendinga.

– Eg fekk fronten av bilen inn i meg, og eg gjekk rett på trynet, forklarer 22-åringen vidare.

Dei norske eliteutøvarane er i Nord-Italia for å lade opp til VM i starten av september, og måndag tok Benske og to lagkameratar ei ettermiddagsøkt på sykkelen.

– Vi kom ned ei bakke i høg fart, og det stod ein del bilar parkert langs vegen. Éin av dei byrja å rygge, køyrde så framover, før bilen svinga raskt inn til høgre for å parkere igjen. Då låg eg i blindsona, skildrar roaren.

– Heilt paff av at ho berre stakk av

Samanstøyten var ikkje til å unngå. Benske fekk fronten rett i sida, han deisa ned i asfalten, og sykkelen vart liggjande fleire meter framfor han.

– Eg vart veldig skremd, men eg var full av adrenalin, så eg reiste meg opp for å snakke med sjåføren. Men ho tok berre ein runde for å sjekke at bilen var i orden, og så drog ho, fortel Benske.

– Eg vart heilt paff av at ho berre stakk av, legg han til.

Lars Benske på sykketur i Nord-Italia

SYKKELSELFIE: Benske og dei andre roarane tar ofte ettermiddagsøkta på sykkel. Det har gått bra – fram til no.

Foto: Privat

Hendinga skjedde rett framfor ein fortauskafé, og ifølgje Benske strøymde det til med folk som ville høyre korleis det gjekk med han.

– Det var mange som tok bilete, og som sa at dei kan vere vitne, dersom eg vel å melde det til politiet, fortel VM-håpet.

Dei tre norske roarane kom seg tilbake til leiren. Der vart såra reinsa og plastra opp, og Benske fekk debrifa med støtteapparatet.

– Heldigvis går det fint med meg. Eg har skrubbsår, er forslått og sykkelen er litt smadra, men eg trena som normalt i dag.

Les også Norgesmester skremt av blodige scener: – Livsfarlig om man er uheldig

Julie Boysen Hillestad og blodig mann, the open 2023

Skal kontakte politiet

Benske har førebels ikkje meldt hendinga, men han vurderer å gjere det.

Sportssjef Daniel Berge seier at dei uansett skal ta kontakt med lokalpolitiet for å informere om hendinga.

– Dei køyrer jo som galningar her nede, det er vi vant med. Men då sjåføren berre drog etter at uhellet var ute, då må vi seie frå, seier han til NRK.

– Lars var «shaky» og gul og blå, men han har vore heldig, så dette skal ikkje ha noko å seie for VM.

Daniel Berge, sportssjef i roforbundet

SPORTSSJEF: Daniel Berge.

Foto: Javad Parsa / NTB

I hundredelane før det small, var det nemleg berre éin ting Benske tenkte på: VM.

Saman med makkar Ask Tjøm hadde han ein kjempesesong i lettvekt dobbeltsculler i fjor. Verdscupsigeren i Poznań var berre éin av fleire topplasseringar, og i september ligg det både VM-suksess og OL-billett i potten.

– Det var det einaste eg tenkte på. Vi er i veldig god form, vi drøymer om medalje, og VM er ekstra viktig i år, ettersom det OL-kvalifisering i tillegg.

Den norske duoen må hamne blant dei sju beste for sikre ein startplass i Paris 2024.

Lars Benske og Ask Tjøm

RADARPAR: Lars Benske og Ask Tjøm er i VM-form. Her fotografert etter éi av topplasseringane i fjor.

Foto: Philipp Schmidli / AP

PS: VM blir arrangert i Beograd frå 3.–10. september.

Sportsnyheter

NRKs eksperter måpte etter superserie: – Så vidt kamera henger med!

Johannes Thingnes Bø sto for dagens største prestasjon da Norge vant stafetten på imponerende vis.

Siste nytt

  • Etiopisk toppløper dopingutestengt

    Tsehay Gemechu er suspendert av Friidrettens Integritetsenhet etter at det ble funnet avvik i hennes biologiske pass.

    Gemechu er en av Etiopias fremste langdistanseløpere. Hun er tidenes niende raskeste kvinne på maraton med tiden 2.16,56.

    24-åringen skulle etter planen løpe Valencia maraton på søndag.

    POfpWpjOv80
    Foto: AP
  • Ingen medaljeseremonier etter helgens serieavslutning

    Brann, Tromsø og Viking spiller om medaljene bak mester Bodø/Glimt i Eliteserien. Lagene som lykkes i siste runde, får dem ikke delt ut etter kampslutt.

    Det skriver Bergensavisen. Norges Fotballforbund besluttet for flere år siden at det kun skulle være medaljeseremoni for gullvinneren, men det har ikke alltid vært praktisert.

    – Vi har ikke klart å implementere dette 100 prosent, erkjenner NFFs konkurransedirektør Nils Fisketjønn overfor BA.

    Brann spiller søndag borte mot Strømsgodset i Drammen. Laget ligger best an til å bli årets tabelltoer, men sølvet blir ikke delt ut på Marienlyst.

    – Sølvmedaljene er allerede i Bergen, forteller Fisketjønn.

    Skulle det bli bronse på Brann, må de få disse medaljene tilsendt. Før siste runde har bergensklubben ett poeng ned til Tromsø og tre poeng til Viking.

    Brann-spiller Ruben Kristiansen med sølvmedaljen i Eliteserien 2016
    Foto: Marit Hommedal / NTB
  • Covid-syk Karlsson står over i Gällivare

    Frida Karlsson stiler ikke til start til helgens verdenscuprenn i Gällivare.

    Den avgjørelsen er tatt etter at den svenske stjernen fikk covid i starten av uka.

    – Frida hadde et håp om å teste negativt og at hun kunne delta i helga, da hun ikke har hatt noen symptom. Men nå kjenner hun at ikke alt er som det skal i kroppen, og hun deltar derfor ikke, sier landslagslege Rickard Noberius i en pressemelding.

    Karlsson fikk påvist covid på tirsdag og ble isolert fra resten av troppen.

    R92Z2K1JoCA
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal