– Det har ikkje gått opp for meg enno. Det er ikkje til å tru! Eg var så redd for at dei ville ta meg igjen på sisterunda. Eg gjekk for livet. Det var så deilig å krysse den målstreken, seier Olsbu.
25-åringen sikra norsk stafettgull på heimebane etter sjeldent sterke etappar av Synnøve Solemdal, Fanny Horn Birkeland, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu.
– Det er det største eg har opplevd, seier både Olsbu og Solemdal om VM-triumfen.
Nervøse jenter: – Det var grusomt å gå
Det var ikkje vanskeleg å sjå at jentene var letta etter målgang. Før start følte dei fire heltinnene på eit enormt press.
– Eg var så nervøs at eg bare hadde lyst til å gå heim og legge meg, fortel Solemdal.
Fanny Horn Birkeland, som gjekk andreetappen, var kanskje den som hadde størst frykt for å øydelegge for lagvenninnene.
På stafettane i verdscupen har 28-åringen gått fleire strafferundar etter svake skyteseriar denne sesongen.
– Det var grusomt å gå i dag. Eg hadde verkeleg grua meg til å gjøre dette. Eg har gjort så mange dårlege stafettar i år. Eg var heilt nervevrak, seier Horn Birkeland.
GULLJUBEL: Det kokte i Holmenkollen då Marte Olsbu gjekk inn til VM-gull på stafett.
Første pallplass på 749 dagar
Det er 749 dagar sidan dei norske skiskyttarjentene tok OL-bronse i Sotsji. Då var Tora Berger ankerkvinne.
Ikkje sidan då har eit norsk kvinnelag i skiskyting tatt pallplass på stafett.
Tiril Eckhoff, som tok VM-gull på sprinten i Holmenkollen, har vore fast ankerkvinne, men blei bytta ut til VM på heimebane.
På eit møte onsdag kveld blei det klart at Olsbu skulle gå sisteetappen.
Det valet er det nok ingen som angrar på i dag.
På VM-stafetten i Holmenkollen gjekk Eckhoff tredje etappe. Der knuste ho konkurrentane og ga Olsbu 23 sekund leiing på siste etappe.
– Eg fekk ein god følelse då eg såg lagoppsettet, men det var vanskeleg å gå ut og seie at det kunne bli gull. Men det klaffa jo for alle i dag. Det er fantastisk, seier NRKs ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid.
LES OGSÅ: Berger: – Jeg er kjempeimponert
FEILFRITT FOR ECKHOFF: Tiril Eckhoff la grunnlaget for gull med fenomenal skyting på tredje etappe. Her er 25-åringens siste kanonserie på ståande skyting.
Gullsjansen var i ferd med å gleppe
Stafett-sesongen starta på verst tenkeleg vis for dei norske jentene.
Då enda Norge heilt nede på 8.-plass, men sjølv om jentene til tider har levert skrekkresultat har Olsbu aldri mista trua på medalje på heimebane.
– Vi har heile tida hatt tru på medalje. I dag viste vi at vi er gode nok for gull. Det er så deilig å få det til på heimebane, seier Olsbu.
Men Norge kunne ha mista gullet på siste skyting. Olsbu bomma to gangar og måtte bruke ekstraskot. Det ga rivalane Tyskland og Frankrike håp om å stjele triumfen.
– Det var ingen god skyting. Eg tenkte at no måtte eg treffe på dei ekstraskota. Eg klarte det og haldt såvidt på leiiga. Eg er fornøgd med det, seier Olsbu, som auka leiinga på vegen mot mål.
– IKKJE TIL Å TRU: Marte Olsbu var overraska etter VM-gullet.