Mikko Kokslien var best av dei norske i spurten, og vann 0,9 sekund framfor Magnus Krog. Jørgen Graabak tok tredjeplassen, 1,3 sekund bak.
Eric Frenzel tok fjerdeplassen, før Magnus Moan gjekk inn til femteplass. Jan Schmid og Håvard Klemetsen blei nummer åtte og ni.
– Aldri før har vi eigentleg sett ein slik veldig norsk dominans i verdscupen som i dag, meiner Pål Thomassen.
Han er ekspert og kommentator i NRK for kombinert, og kunne juble etter superløpet i verdscupen laurdag.
Mikko Kokslien var best av dei norske laurdag, og er éin av Noreg sine største gullhåp før Sotsji-OL.
Foto: PATRICK HERTZOG / AfpTrur på OL-suksess
– Dei norske utøvarane har gjort det relativt dårleg dei siste meisterskapa, seier Thomassen.
Under éin månad før OL i Sotsji ser ikkje den trenden ut til å ville gjenta seg:
– Det bør ikkje gjenta seg etter det vi har sett i årets sesong. Med såpass sterke resultat legg dei eit visst press på seg sjølve før OL.
I hoppdelen laurdag låg nordmennene på alt frå sjetteplass til 22. plass. Dei gjekk seg derimot kjapt opp i ei tetgruppe.
– Frenzel og Jason Lamy-Chappuis var med i gruppa, men begge var sjanselause mot det norske toget.
– Nordmennene hadde full kontroll siste del av langrennet, avsluttar Thomassen.
No står det igjen å sjå om dominansen kan halde fram både fram til, gjennom og etter vinter-OL.
Kven skal til OL?
Éin ting som framleis er usikkert er kven av kombinertgutta som blir med til Russland og Sotsji.
I saka «Slik er den store OL-kabalen som må løysast» slo sportssjef Sverre Rotevatn fast at han hadde ei luksusproblem.
– Det er litt av eit luksusproblem, ettersom fem av dei seks har vore på pallen, sa Rotevatn – som gjer det endeleg uttaket etter løpa neste helg.
NRK sitt tips, gjennom ekspertar, kommentatorar og journalistar, er at Kokslien, Graabak, Moan, Klemetsen og Krog får OL-plassane.
«Vi trur Schmid får den sure beskjeden om at han er utelaten frå OL-troppen rett og slett fordi han manglar pallplassen. Han har prestert godt denne sesongen, så å utelate han viser at Noreg har ein svært sterk tropp å sende til Sotsji.»
Pallplassen kom heller ikkje laurdag for Schmid, medan «konkurrentane» gjorde det like bra og betre.
- Les også:
- Les også:
- Les også: