– Det Gruber leverer her, er noko av det råaste vi har sett, sa NRK-kommentator Torgeir Bjørn.
Ved siste veksling med 1,5 km igjen låg alt an til ein duell mellom Norge og Finland. Austerrike var ti sekund bak.
Så kom Gruber enormt sterkt. Inn i siste sving hadde han teke igen dei to andre, men såg stokk stiv ut. Og då finnen fall i siste bakken låg alt til rette for Jørgen Graabak og Norge.
Men så var ikkje Gruber stokk stiv likevel. På det siste strekket gjekk han forbi Graabak og blei dømd føre i mål. Norges lag med Graabak og Jan Schmid måtte sjå seg slått.
– Han hadde gode ski og enorm guts, seier kombinertsjef Ivar Stuan til NRK.
– Jørgen var ikkje heilt med i spurten dei siste metrane. Men vi er godt med, dei leverte mykje bra, seier Stuan.
Norge var nummer to etter hoppdelen og gjekk ut 25 sekund bak Austerrikes andrelag. Norge fekk tidleg selskap av Finland og Austerrikes førstelag, som jaga leiarlaget og til slutt tok dei igjen.
Men ved siste veksling hadde Norge og Finland tilsynelatande rista av seg dei to laga frå Austerrike.
Det frykta tyske laget fekk det ikkje til i hoppbakken, og makta ikkje å ta inn igjen noko i løypa.
Det andre norske laget, med Espen Andersen og Mikko Kokslien, blei nummer sju, slått med 1.37 minutt.
Men tapet i spurten irriterer kombinertsjefen.
– Dette skulle vi tatt. Denne matchballen var vår, seier Stuan.