I praksis vil C8-kjeda fluorsmurning vere lov å bruke i langrenn under dei olympiske leikane i Kina. Det kunne FIS bekrefte overfor Dagbladet onsdag.
Det betyr at det er fritt fram for langrennsløparane å bruke fluorprodukt som er bannlyst i Europa, og dei vil ikkje bli fluortesta av eige forbund.
I skiskyting vil derimot C8-forbodet vere gjeldande. Det får NRK opplyst av Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU.
Den ulike praksisen får skiskyttarane sin smørjesjef til å rive seg i håret.
– Det er ein konsekvens av ein rekke dårlege avgjersle FIS har gjort rundt fluor de siste årene. Og dessverre noko som fyrer opp under den betente situasjonen rundt fluorreglar i skiidrettane. Det er svært øydeleggjande for alle skiidrettane at FIS ikkje har tatt meir ansvar og vore proaktive ved å innføre testing og klargjere regler i denne saka, seier Tobias Dahl Fenre til NRK.
OPPGITT: Tobias Dahl Fenre reagerer på FIS sitt val om å ikkje fluorteste utøvarar.
Foto: Lise Åserud / NTB– Skapt et monster
Medan IBU vil fortsette med fluortesting, også under leikane i Beijing, held det internasjonale skiforbundet fram med sin praksis om å la vere.
– FIS har skapt eit monster for seg sjølv, som dei no ikkje veit korleis dei skal temme, seier NRK sin kommentator Jan Petter Saltvedt.
Han reagerer på det han meiner er mangelfullt forarbeid av FIS.
– Det er innført et forbod basert på tillit, utan reelle sanksjonar. Slik det står fram i dag er forbodet mot fluor berre eigna til å undergrave tilliten til FIS og skape nye former for mistenkeleggjering og konflikt.
Ber FIS gjere som IBU
Onsdag blei det kjent at IBUs testsystem har avdekka fluorjuks i verdscupen i skiskyting. Skiskyttarane sin smørjesjef opplever at situasjonen er under kontroll i skiskyting, og at IBU gjør ein stadig betre jobb med testing og informasjon.
Dette i sterk kontrast til i langrennssporten.
– Eg skulle ønske FIS hadde gjort det same som IBU, seier Fenre.
Eitt av Noreg sine medaljehåp i skiskyting, Vetle Sjåstad Christiansen, er glad for at skiskyttarane kan stelle seg til de same reglene i verdscup og OL.
– Da blir det føreseieleg for smørjarar og den jobben de skal gjere, meiner han.
NØGD: Vetle Sjåstad Christiansen er glad for at dei same smørjereglane gjeld under OL.
Foto: Geir Olsen / NTB– Ikkje «bullet proof»
NRK har vore i kontakt med skipresident og styremedlem i FIS, Erik Røste, som ikkje vil kommentere saka førebels.
Renndirektør i FIS, Pierre Mignerey, seier til NRK at dei ikkje vil innføre eit ordentleg testsystem før det ligg føre klare reglar og testmetodar.
– Kva tenker de om det IBU har gjort?
– Det er eit godt steg, men ikkje hundre prosent «bullet proof». Du testar ikkje alle skia, men tek nokon tilfeldige testar i smørjebua. Det er mange måtar å jukse på. Du kan gøyme produkt som du kan bruke i det siste minuttet før start. Det er eit godt system dei har – eg har ikkje noko problem med det – men vi må ha et betre system dersom vi skal vere sikre på at utøvarar ikkje juksar, seier FIS-toppen til NRK.
Mignerey håper dei kan få på plass eit godt testsystem snart, slik at dei kan ha et klart regelverk og ikkje berre må stelle seg til EU-forbodet.
– Det er eit mål for alle å ha klare reglar og å ha ein god testmetode som gjer at vi kan innføre desse reglane, seier renndirektøren.
HÅPAR: Renndirektør i FIS, Pierre Mignerey, håper dei skal få på plass eit fungerande flour-testsystem innan kort tid.
Foto: Terje PedersenTrass valet om å ikkje teste, trur Mignerey at dei fleste vil stelle seg til EU-forbodet og ikkje bruke den C8-kjedene fluorsmurninga under OL.
– Eg trur at dei fleste som deltek i verdscupen følgjer desse EU-reguleringane og også opptrer med moral og rettferd.