For sjette gong vann Norge sin opningskamp i VM-kvalifiseringa, og etter EM-fiaskoen i sommar smakte 4–1 over Nord-Irland godt.
– Eg er nøgd med sigeren, men ikkje med effektiviteten, seier landslagssjef Martin Sjögren til NRK.
– Vi skapte mange sjansar. Dei låg kompakt bak, og tempoet blei lågt. Det fall vi inn i, og det gjekk litt for sakte. Men vi tek tre poeng og scorar fire mål. Det er godt, seier Sjögren.
– Vi skulle scora fleire, seier tomålsscorar Guro Reiten. Ho irriterer seg sjølv over at hio ikje scora fleire.
– 4-1 over Nord-Irland er ikkje god nok. Vi får trøyste oss over at vi vann, seier Reiten.
Norge var i kommandoen heile tida i Fredrikstad, og nordirane var aldri nær poeng. Guro Reiten opna ballet med eit flatt skot som gjekk inn via stolpen i lengste hjørnet.
Trass mange norske sjansar blei det ingen fleire mål før i omgangens siste sekund. Kristine Mjelde blei felt og Caroline Graham Hansen sette straffa i mål via tverrliggaren.
I andre omgang tok det berre seks minutt før det stod 3–0. Lisa-Marie Utland sette inn Caroline Graham Hansens innlegg.
Norge dominerte totalt også i andre omgang, men sløste vekk sjanse på sjanse. I staden var det Nord-Irland som avslutta kampen med ei god kontring og redusering ved Carragh Milligan to minutt før kampen var over.
Men dei to minutta var likevel nok til at Guro Reiten kunne sette inn sitt andre og Norges fjerde for kvelden.
Norge møter Slovakia tysdag. Også Nederland og Irland er i Norges gruppe.
2-0 på straffe ved Caroline Graham Hansen:
3-0 ved Lisa-Marie Utland:
4-1 ved Guro Reiten: