Henriksen opna sterkt med 75,53 meter - tre centimeter bak rekorden. I neste omgang kom rekordkastet. Så avslutta Henriksen med fire kast på mellom 72,50 og 73,22.
Les også:
Sjå rekordkastet her:
Han vart nummer to i konkurransen, 1,30 meter bak tsjekkaren Lukas Melich.
Steffen Nerdal enda på femteplass med 71,43.
Det er berre to veker sidan han sette norsk rekord sist. I Florø kasta han 75,57 meter, ein fattig centimeter lenger enn i stemnet i Tyskland 20. mai.
Det er 1,57 meter over B-kravet til OL, men 2,43 meter frå A-kravet.
21-åringen frå Tjalve slo gjennom i fjor då han forbetra Richard Olsens 30 år gamle norske rekord til 74,59. I år har han altså allereie forbetra det resultatet to gonger.
Artikkelen bli oppdatert!