Norsk rekord av Vukicevic: – Eg er i den sjuande himmel

Vladimir Vukicevic sprang inn til ny norsk rekord på 110 meter hekk i Ungarn. Etter fire år med motgang er han tilbake på sitt beste.

AfMdgyMeK3M

NORSK REKORD: Vladimir Vukicevic forbetra eigen norsk rekord med eit hundredel under eit stemne i Ungarn.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Det var under B-heatet i Gyulai István Memorial i Ungarn at 29-åringen fauk inn til tredjeplass og ny norsk rekord med tida 13,53.

– Det har ikkje gått opp for meg enno. Eg er berre heilt i den sjuande himmelen. Det er ein utruleg sterk prestasjon, seier ein kjempenøgd Vukicevic til NRK.

Ingen overrasking

Noregsrekordholdaren har hatt nokre tunge år sidan han sat den gamle rekorden på 13,54 i 2016, men no har Vukicevic fått sving på hekkeløpinga igjen.

– Det var kjempebra og ein stor ting for Vladimir etter nokre tyngre år med fokus på studiar og å skaffe seg jobb. Det var ikkje sjølvsagt at han skulle komme tilbake på dette nivået, men han har verkeleg løfta seg. Sånn sett var det ingen bombe at den norske rekorden skulle ryke, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post.

Under eit stemne i Finland for eit par veker sidan sprang han plutseleg på 13,48. Tida blei rett nok ikkje godkjend som norsk rekord, sidan det var for sterk medvind (+2,6). Men i lovleg vind sprang han òg 13,65 i same stemne.

Sidan den gong har Vukicevic hasta seg til Diamond League-stemnet i Monaco, og vunne eit løp i Leverkusen i Tyskland med tida 13,67.

Opnar dører

Hekkeløparen takkar arbeidsgivar Pareto og faren Petar for framgangen han har hatt denne sesongen.

– I år har arbeidsgivaren min gitt meg moglegheit til å satse alt på idretten igjen. Eg har blitt eldre og klokare. Og då lukkast eg. Eg slappar meir av, er rolegare og beherska. Eg har stolt på pappa og treningsregimet hans. Eg trur mykje av grunnen til at eg er betre no er rettleiinga hans og at eg har fulgt det. Det er ein stor siger for oss begge, seier Vukicevic.

Dei raske tidene gjer at Vukicevic håpar på fleire moglegheiter i det som er igjen av årets sesong.

Vladimir Vukicevic

Vukicevic har hatt nokre tunge år. Her under EM i Berlin i 2018.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– No blir det opna nokre dører. No har eg sprunge 13.53 i omtrent vindstille og då er det klart, då blir det lettare for meg å komme inn i større løp. Eg har vore nøydd til å stå på standby i større stemne og vente til siste augneblink, forklarar hekkeløparen.

Årets sesong skulle i utgangspunktet vore avslutninga på karrieren, men Vukicevic innrømmer at den raske springinga har gitt meirsmak. I utgangspunktet har han ein avtale om satsinga ut dette året, men Post ser ingen grunn til at Vukicevic no skal gje seg.

– Det er eit mogleg OL neste år og mykje morosamt framover. Eg hadde tenkt meg nøye om før eg hadde lagt opp. Han kan oppleve mykje morosamt han ikkje har gjort til no, seier Post.

Siste nytt

  • Lode og Berg hyllet av Glimt-fansen

    Marius Lode og Patrick Berg er omsider tilbake i Bodø. Da de forlot flyplassen rundt midnatt søndag, hadde supporterne møtt opp med bluss, flagg og jubel.

    Det hele lignet på da resten av Bodø/Glimt-mannskapet landet i byen dagen etter at seriegullet var sikret for en uke siden. I en video på Twitter viser spillerne kjøre i en gul bil med flere Glimt-supportere langs veien. De hadde fyrt opp bluss og jublet da spillerne kom kjørende forbi. I videoen ser man Berg smile og vinke tilbake.

    «Fy søren så rått! Tusen takk til alle sammen.», meldte Lode på sin egen Twitter-konto etter hjemkomsten.

    «Supporterne våre er i en helt egen klasse! Takk.», ble det meldt fra klubbens offisielle Twitter-konto. (NTB)

    Bodø/Glimt feirer seriegullet 2020
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Snakker ut etter Formel 1-krasj

    Søndag fikk vi se en dramatisk krasj i Formel 1-løpet i Bahrain. Under første runden gikk det galt for Romain Grosjean da bilen gikk i autovernet og ble delt i to.

    Det skjedde i en hastighet på 221 km/t.

    Nå har han kommet med melding på Instagram.

    – Jeg vil bare si at har det okay, eller ganske okay i hvert fall, sier Grosjean.

    Han takker for alle meldinger han har fått og takker de som hjalp ham til sykehus.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Tolga Bozoglu / Reuters
  • Cavani i rasisme-trøbbel

    Edinson Cavani etterforskes av det engelske fotballforbundet etter at han kom med det som oppfattes som en rasistisk kommentar på Instagram etter kampen søndag.

    Ifølge Sky Sports har FA reagert etter at Cavani i en Instagram-historie kommenterte en melding fra en supporter med ordene «Gracias negrito».

    Instagraminnlegget er senere blitt slettet.

    Cavani
    Foto: Adam Davy / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal