Norsk OL-håp: Bruk av cannabis er «veldig vanleg» blant amerikanske utøvarar

TOKYO (NRK): Den internasjonale friidrettspresidenten ber om at reglane blir vurderte etter at superstjerna Sha'Carri Richardson mista OL på grunn av bruk av cannabis. Sondre Guttormsen vil ikkje ta standpunkt, men opplever cannabisbruk som heilt normalt blant dei amerikanske idrettsvennene sine.

Sondre Guttormsen

ANNAN KULTUR: Sondre Guttormsen har venner i collegeidrettsmiljøet som har eit like normalt forhold til cannabis som mange i Noreg har til alkohol.

Foto: Heiko Junge / NTB

Presidenten i Det internasjonale friidrettsforbundet (WA), Sebastian Coe, stadfestar ifølgje Athleticsillustrated.com at han meiner det må vurderast om cannabis skal høyre heime på dopinglista.

– Det bør vurderast. Det vil vere fornuftig, sidan ingenting er skrive på steintavler, seier Coe.

Sha'Carri Richardson

TESTA POSITIVT: Sha'Carri Richardson skulle ha vore ein av dei aller største attraksjonane i Tokyo-OL.

Foto: DAVID W CERNY / Reuters

Mannen som vann OL-gull på 1500 meter både i 1980 og 1984 kjem med det potensielt kontroversielle utspelet som ein konsekvens av at den amerikanske sprintstjerna Sha'Carri Richardson ikkje får delta i OL.

Årsak: Richardson testa positivt på cannabis under den amerikanske meisterskapen, der ho vann 100-meterfinalen suverent. Ho ville vore ein av dei største favorittane på distansen i OL.

– Vil sjå på det

Richardson har erkjent fakta, og forklarte cannabisbruken med at ho var langt nede etter at ho rett før den amerikanske meisterskapen fekk høyre frå ein journalist at den biologiske mor hennar hadde gått bort.

21-åringen vart dømd til éin månads utestenging, og har sona ferdig når 100-meteren i OL går føre seg. Men sidan ho vart diska frå det amerikanske meisterskapet, er ho ikkje kvalifisert for det amerikanske laget.

Sebastian Coe, president i WA

OPNAR FOR Å LEGALISERE CANNABIS: Sebastian Coe, president i Det internasjonale friidrettsforbundet (WA).

Foto: Issei Kato / AP

Sebastian Coe stadfestar at han har teke opp saka med styreleiar David Howman i AIU, som er den uavhengige organisasjonen som handterer dopingspørsmål i friidretten.

– AIU vil sjå på dette i lys av dei dagsaktuelle omstenda, seier Coe.

Bruk av cannabis er tillaten i åtte amerikanske statar, mellom anna i Oregon, der det amerikanske meisterskapet i friidrett fann stad.

– Regler er regler

3c3gb3YOd08

BLE SPURT OM RICHARDSON: USA-president, Joe Biden, her avbildet tidligere i sommer.

Foto: Matt Rourke / AP

Wada-koden, altså den internasjonale dopinglista, fastslår likevel at det er forbode å ha cannabis i kroppen – i konkurranse. Det er derimot ikkje brot på dopingreglane å nytte cannabis utanfor konkurranse.

USA-president Joe Biden har óg engasjert seg i saka:

– Reglar er reglar og alle kjenner dei, sa han, men la til:

– Om reglane skal halde fram med å vere som dei er, er eit anna spørsmål.

Idrettsvennene bruker det

Det er det spørsmålet Sebastian Coe no altså har reist i organa til idretten. Og Noregs OL-håp i stavsprang Sondre Guttormsen er ikkje overraska over at diskusjonen kjem.

vE51lEG4AoE

KLAR FOR OL: Sondre Guttormsen, her avbildet ved en anledning i 2020.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Akkurat om det er fornuftig å ha forbodet eller ikkje, skal eg ikkje seie så mykje om, sa Guttormsen då NRK på pressekonferansen på onsdag spurde kva han synest om Coes utspel.

Men gjennom tre år på college i USA har han sett at det er ein heilt anna haldning til bruk av cannabis enn heime i Noreg.

– Eg kan i alle fall seie at eg har gått på college i USA, to år i California og eit år i New Jersey, og i California har det i alle fall vore veldig vanleg blant collegeutøvarar og collegestudentar å bruke det, akkurat som alkohol, seier han.

– Førebels er det ikkje lov i idretten, så eg har halde meg langt unna det, men det ser jo ut som det kanskje kan bli litt endringar i framtida på det regelverket, men vi får sjå, seier Guttormsen.

– Det verkar som det er heilt andre haldningar enn i Noreg, har det vore rart å oppleve?

– Ja, det har det. I Noreg er det liksom dei som driv med «drugs» og er ute og køyrer som driv med marihuana, medan i USA har eg kompisar og venninner som er flotte folk som går og røykjer «weed».

– Som også satsar på idrett?

– Ja, stadfestar Guttormsen.

Trur ikkje på legalisering i idretten

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal har òg fått med seg Coes utspel.

Vebjørn Rodal

TRUR IKKJE PÅ LEGALISERING: Vebjørn Rodal.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Det er eit samansett bilete, men eg trur det er ein lang veg å gå før cannabis er legalisert i toppidretten som eit ikkje forbodet stoff, seier Rodal.

Han påpeikar at det ikkje er eit stimulerande eller oppkvikkande, stoff. Men den roande effekten blir rekna for å ha ein prestasjonsfremjande effekt i enkelte idrettar.

– At det er forbode ved lov enkelte stader i verda, er det eit relevant argument for om det bør stå på ei dopingliste, eller bør det berre handle om det er prestasjonsfremjande?

– Prestasjonsfremjande i ei eller anna form, det er i hovudsak vurderinga for om det skal vere på forbodslista i antidopingverda. Og så kompliserer det kanskje biletet litt at det er forbode i enkelte land i tillegg, seier Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Sakor klar for Brann

    Brann har signert Vajebah Sakor (25). Nordmannen kommer gratis etter at kontrakten hans med OFI Crete gikk ut tidligere i sommer, skriver bergensklubben.

    Sakor ble hentet til den italienske storklubben Juventus da han var 15 år. Han har senere spilt i belgiske Westerlo, Vålerenga nederlandske Willem II og IFK Göteborg.

    Siden 2019 har han oppholdt seg på Kreta.

    Brann kjemper om å beholde plassen i eliteserien. Klubben ligger nest sist etter 19 runder med kun 14 poeng. Klubben er to poeng bak trygg plass.

    Eliteserien fotball 2016: Vålerenga - Ålesund (0-1)
    Foto: Berit Roald / NTB
  • Hegerberg tilbake i trening

    Ada Hegerberg er på vei tilbake fra sitt skademareritt. Mandag trente hun igjen med lagvenninnene i storklubben Lyon.

    Lyon har publisert en Twitter-melding der klubben skriver «hei, hei, Ada», sammen med en video av Hegerberg og lagvenninnene på trening.

    Den norske stjernespissen har ikke spilt en kamp siden hun ble korsbåndskadd i januar i fjor. Senere har hun blitt forstyrret av andre skader og flere operasjoner.

    Ifølge franske RMC er det første gang Hegerberg trener med resten av laget siden hun ble skadd for 20 måneder siden. Det er ikke kjent om hun er aktuell for fredagens hjemmekamp mot Guingamp.

    Ada Hegerberg
    Foto: NRK
  • Trolig ingen Tiger Woods

    Det amerikanske golfesset Tiger Woods vil høyst sannsynlig ikke være med å støtte det amerikanske laget rent fysisk under Ryder Cup, som starter fredag.

    Den amerikanske kapteinen Steve Stricker sa under en pressekonferanse mandag at man neppe vil se Woods under kampen mot Viktor Hovland og resten av det europeiske laget på Whistling Straits-banen utenfor Sheboygan i Wisconsin.

    Woods har spilt åtte Ryder Cup. Han var sist med da USA tapte for Europa i 2018. I februar kjørte derimot golfstjernen av veien i California under høy hastighet og pådro seg omfattende skader. Han er for tiden fortsatt under rehabilitering.

    – Det skjer trolig ikke, svarte Stricker på spørsmål om Woods ville dukke opp under turneringen.

    Tiger Woods
    Foto: Andy Lyons / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal