Hopp til innhold

Norsk OL-håp: – Uprofesjonelt av Olympiatoppen

Sondre Nordstad Moen jaktar OL-kravet på maraton, men veit ikkje kva slags tid han må under. – Det verkar ikkje som om dei vil ha utøvarar i OL, seier langdistanseløparen.

Nordstad Moen skuffa

SKUFFA: Sondre Nordstad Moen ventar framleis på OL-kravet på maraton. Han har tidlegare sprunge 10.000 på bane, som her under EM i Zürich.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Moen har lenge vore eit av landets største løpstalent. I 2011 tok han gull i U23-EM på 10.000 meter. Nå satsar han alt på maraton fram mot OL i Rio neste år. Men det er ikkje berre enkelt.

– Nå har eg venta seks veker på å få svar på kva OL-kravet skal vere. Eg synest det verkeleg er uprofesjonelt, seier Moen på telefon til NRK frå Kenya.

Der er trønderen på høgdesamling i landsbyen Iten på 2400 meters høgde. Medan resten av landets friidrettsutøvarar så smått har begynt førebuinga til neste sesong, ladar Nordstad Moen framleis igjen til sesongens viktigaste mål.

I Firenze 29. november jaktar 24-åringen OL-kravet han framleis ikkje veit kva er.

– Det verkar jo som om dei ikkje vil ha med utøvarar til OL.

Har bruka alt for lang tid

Hanne Haugland er coach i Olympiatoppen med ansvar for friidrett. Ho seier til NRK at Olympiatoppen framleis jobbar med å utarbeide krava.

– Det er sjanse til topp 12 som er bakteppet. Da må det gjerast ein grundig jobb med å dykke ned i alle resultat som tidlegare har gjeve topp 12-plassering for å finne ut kva slags tider og lengder som skal gje direkte kvalifisering til OL, seier Haugland.

Haugland fortel at dei framleis ventar på eit par innspel frå personar i friidrettsmiljøet før krava blir offentleggjort. Desse har fått frist til over helga. Derfor må nok Sondre Nordstad Moen vente enda lenger før han veit kva han må prestere i Firenze.

Det blir Nordstad Moen frustrert over å høyre.

Sondre Nordstad Moen

TALENT: Sondre Nordstad Moen har lenge blitt sett på som eit stort langdistansetalent, men har dei siste åra slite mykje med skader. Nå verkar han å vere på gang igjen.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

– Dei har bruka alt for lang tid. Det her burde dei ha klart på ein kaffekopp og fem minutt, seier 24-åringen som trur kravet vil lande på 2.12.

Og sjølv om han då må prestere ei tid som er fem minutt sterkare enn det internasjonale kravet, synest han ikkje det er urettferdig.

– Det er der det bør ligge. Ein løpar som spring på 2.16 har ingenting i eit OL å gjere. Eg har trent for å springe på 2.11 og meiner det skal vere realistisk.

Trønderen har aldri springe ein heil maraton før, men har ein pers så god som 1.02.35 på halvmaraton. Det gjer han trygg på at OL-kravet på maraton er innan rekkjevidde.

– Både persen og forma eg er i tilseier at det skal vere mogleg. Eg sprang ein halvmaraton i England for nokre veker sidan på 1.03.09. Då var eg midt i treningsperioden og hadde ikkje lada spesielt opp. Det var oppløftande.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal