NRK Meny
Normal

Norsk landslagstrenar kritisk til UEFAs siste stunt

UEFA vil endre straffesparkkonkurransen slik vi kjenner den. Før utprøvinga i U17-EM er Norges landslagstrenar skeptisk.

Ronaldo

STRAFFEJUBEL: Ronaldo jublar etter straffe-scoring i 2016-EM. No testar UEFA ut eit nytt straffekonk-system.

Foto: Yves Herman / Reuters

– Eg synst det var greit sånn det var før, og såg vel ikkje noko behov for å endre regelen som har vore, seier U17-landslagstrenar Erland Johnsen.

For å hindre at det første laget som skyt straffe i ein straffekonk ikkje får eit psykologisk overtak ved scoring på første forsøk har UEFA utvikla eit nytt system.

Det blir testa ut under U17-EM i Kroatia der Norge deltar.

Dette er straffekonken «ABBA»

Det nye systemet fungerer slik:

I staden for at laga skyt annankvar straffe, vil lag A skyte første straffe før motstandaren, lag B, skyt to straffar på rad (straffe nummer to og tre).

Deretter vil lag A skyte to straffespark (straffe nummer tre og fire).

Slik held det fram til kvart lag har tatt fem straffespark. Etter det går konkurransen over i gammal form, der laga skyt kvart sitt straffespark.

Erland Johnsen

SKEPTISK: Norges U17-trenar Erland Johnsen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Systemet har fått namnet ABBA på grunn av rekkefølgen laga skal skyte i.

Undersøkingar viser nemleg at laget som tar første straffe har 60 prosent sjanse for å vinne, ifølgje Fotballens internasjonale lovkomité (IFAB).

Meiner spelarane blir overbeskytta

Landslagstrenar Erland Johnsen meiner det nye grepet er feil veg å gå.

– Eg synst ikkje vi bør overbeskytte spelarar på den måten. Ein får tåle å skyte annankvar straffe. Det er ein del av fotballen å takle press når ein er på banen, seier Johnsen.

– Tar det vekk litt av nerva i ein straffesparkkonkurranse?

– Eg synst det. No har spelarane blitt så gode på straffar, så det er ganske få som bommar på høgare nivå. Eg veit ikkje kor lenge ein skal stå og skyte straffar. Nokre blir syndebukk uansett.

Slik forklarer UEFA tanken bak systemet:

– Hypotesen er at spelaren som tar det andre straffesparket i konkurransen er under større mentalt press, opplyser forbundet til Reuters.

– Lukkast det første laget med første straffe, kan motstandaren ha tapt konkurransen der og då. Utslaget ser ein spesielt frå det fjerde straffe-paret og utover, legg UEFA til.

Utelukkar ikkje ABBA i EM

Landslagstrenar Johnsen ser ikkje vekk frå at vi etter kvart kan få sjå ein slik modell i seniormeisterskap som EM.

– Dersom tilbakemeldinga er positiv så blir det kanskje sånn. Det kan fort skje, seier Johnsen.

Sjølv har han ikkje tenkt for mykje på det nye straffekonk-systemet før Norges U17-lag skal i aksjon.

– Det kan bli ei anna rekkefølge på dei som skyt straffe. Men dette kjem ikkje før vi har gått vidare frå gruppespelet, så vi har ikkje brukt så mykje energi på dette no, seier Johnsen.

Norge møter England i første kamp torsdag.

Siste nytt

  • Chelsea selger Costa

    Chelsea er enig med Atlético Madrid om en overgang for Diego Costa. Atlético meldte torsdag at en legesjekk og den personlige avtalen gjenstår. Brasilianeren har lenge prøvd å tvinge fram et salg til gamleklubben. Han kan ikke spille for Atlético før i januar, da overgangsvinduet for tiden er stengt.

    Soccer Atletico Madrid Diego Costa
    Foto: Matt Dunham / AP
  • Vil ha Tour de France til Bergen

    Byrådet i Bergen mener byen burde kunne konkurrere om å få en eller flere Tour de France-etapper, skriver BT. – Bergen er beredt til å til å ta på seg en startetappe i Tour de France. Etter det vi har opplevd de siste dagene, må vi ha ambisjoner og selvtillit nok til å si det, sier byrådsleder Harald Schjelderup (Ap).

    Chris Froome
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Tromsø - Odd
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Cupen: Semifinale, Molde - Lillestrøm
Semifinale i cupen, menn
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Etter Kamp
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm