Det betyr at 20-åringen er kvalifisert for US Open og Masters, melder NTB.
Laurdag vann nordmannen semifinalen mot amerikanske Cole Hammer. Hovland hadde ei leiing på tre hol då det stod igjen to hol å spele. Dermed var kampen over.
Vann norsk duell
Dagen i førevegen vann Hovland kvartfinalen mot eit anna amerikansk heimehåp, Austin Squires.
I åttandedelsfinalen var det faktisk ein annan nordmann Hovland slo: Kristoffer Reitan.
Kampen var over etter berre 12 hol. Det var også den mest solide sigeren i kvartfinalen, ifølgje NTB.
Student i USA
I finalen søndag møter den norsk golfkometen Devon Bling.
Hovland var den einaste ikkje-amerikanske spelar i semifinalane i meisterskapen som har 312 spelarar frå 24 nasjonar.
Til dagleg er 20-åringen student ved Oklahoma State-universitetet.
– Slitsam å møte
Uavhengig av korleis det skulle gå i morgondagens finale er altså Viktor Hovland kvalifisert for US Open og Masters i 2019.
– No skal eg konsentrere meg om å vinne finalen også. Eg er ein ganske slitsam spelar å møte i duell. Eg slår stort sett ballen rett og treffer dei fleste greenane. Gjer eg 36 hol også i finalen blir eg tøff å slå, seier Hovland sjølv til TV-kanalen Fox ifølgje VG.