Norge opna sterkare enn Nederland, men låg bak nederlendarane midtveges på distansen.
Så gjekk Sverre Lunde Pedersen fram og drog. Brått var Norge på høgde med Nederland, og ein runde før mål skilde berre nokre få hundredeler. Då låg den norske trioen an til å vere med i gullkampen.
– Akkurart no har vi gullet i lomma, sa NRKs kommentator Carl Andreas Wold. – Men det er nokre rundar igjen, la han til.
– Denne medaljen var viktig
Og det var på den siste runden Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen ikkje hang heilt med på Pedersens tempo. Norge blei slått med nesten eit sekund på sisterunden.
– Bronsen var ein opptur, men løpet var rotete, seier Sverre Lunde Pedersen til NRK.
– Vi har meir å gå på, men dette var viktig. Medalje er medalje. Det var enormt godt med dei åtte hundredelene vi slo Canada med, seier Pedersen.
Sindre Henriksen smilte breitt etter sin første VM-medalje, men meinte isen var krevjande.
– Isen sprakk heile tida, og det var fleire som blei slitne. Men likevel klarte vi å stå heilt inn som eit lag, og då heldt det, seier han.
Nederland – med Jorrit Bergsma, Jan Blokhuijsen og Douwe de Vries, men utan Sven Kramer – tok gullet.
Slått også av New Zealand
Dermed blei Norge også slått med eit halvt sekund av sensasjonslaget New Zealand, og var fattige åtte hundredeler framfor Canada.
New Zealands Peter Michael – bronsevinnar på 5000 m i går – var motoren i sølvlaget, som blei slått av Nederland med berre eit halvt sekund. Shane Dobbin og Reyon Kay var dei andre på laget.
Nederland vann også kvinnenes lagtempo i VM.