– Det er sjeldan vi ser så mange fall i eit langrenn, seier Morten Aa Djupvik. Den tidlegare landslagstrenaren har sett litt av kvart, men sjeldan så mange.
Det enda med dobbel fransk siger, og deretter ein formidabel norsk laginnsats som gav bronse til Daniel Stock.
Tre nordmenn var med i tetgruppa og gullkampen på den siste kilometeren. Men nokre hundre meter før mål stokka Martin Nyenget skiene og fall. Han var dermed ute av medaljekampen. Sjå video av fallet i toppen av artikkelen.
Snubla frå gullkampen
På oppløpet gjekk franskmennene Damien Tarantola og Adrien Backscheider saman med russiske Kirill Vitsjuzjanin frå resten, og såg ut til å fordele medaljene seg imellom. Nordmennene ville hamne utanfor pallen.
Rett før den siste vesle kneiken prøvde russaren å gå forbi franskmannen. Men plutseleg mista han balansen og fall.
Video: Her fell Vitsjuzjanin kanskje frå VM-gullet:
Dermed var også han ute av medaljekampen. Bak han hadde Backscheider og Stock brått lett veg til sølv og bronse.
– Vil rekne det som uhell
– Det ser klønete ut, men eg vil likevel karakterisere begge som uhell, seier Djupvik etter å ha studert falla saman med NRK.no.
– Nyenget ligg ute i kanten av sporet for å prøve å finne ein fin posisjon. Han er uheldig og set skituppen inn i snøkanten. Dermed miste han balansen. Det hadde ikkje skjedd inne på oppløpet, der er det ikkje slike snøkantar, seier Djupvik.
– Vitsjuzjanin sitt fall ser endå rarare ut. Han er ikkje nær nokon når han berre snublar. Det kan sjå ut som om han er litt for ivrig når han prøver å gå forbi franskmannen, og av ein eller annan grunn mister balansen.
– Uansett er det fortvilande for begge to, fordi fallet øydela medaljesjansane for dei begge. For russaren kan det godt hende det var gullet som glapp, seier den tidlegare landslagstrenaren.
Endå fleire fall
Det var også fleire fall i løpet. NRKs kommentator meinte han såg iallfall to fall til tidlegare i løpet.
Det var kome mykje tung nysnø i Val di Fiemme det siste døgnet. Det innebar at laussnøen rundt løypa var djup og tung.
– Det er ikkje ofte eg har sett så mange fall. Det kan vere fordi vi sjeldan ser bilete frå junior- og U23-meisterskap, seier Djupvik, som sjølv har ei fortid som juniortrenar.
– Men eg såg ikkje så mange fall då heller, så vi skal ikkje slå fast at det dreier seg om mindre rutine enn dei beste. Eg trur det var tilfeldige uhell, seier Morten Aa Djupvik.
Den norske laginnsatsen var svært sterk. Mathias Rundgreen vart nummer fire, Sindre Bjørndtad Skår numer fem og uheldige Martin Nyenget nummer seks.
Video: Sjå målgangen her - først to franskmenn, så fire nordmenn