Hopp til innhold

Norsk alpinstjerne mistar sesongstarten: – Rein uflaks og dårleg «timing»

Nina Haver-Løseth har pressa kroppen for hardt og mistar alpint-starten i Sölden i slutten av oktober. Sjølv kallar ho det for ein liten fartsdump i VM-sesongen.

Nina Løseth

ALTERNATIVT: Nina Haver-Løseth på Olympiatoppen i Oslo måndag. Sunnmøringen går glipp av sesongstarten på grunn av ei kneskade. (Foto: Tommy Barstein)

– Eg drog heim frå treningsamlinga i Saas-Fee etter to dagar på ski fordi eg hadde vondt i kneet. Det er ei overbelastning i sena som treng kvile. Eg er i gong med opptreninga, seier Nina Haver-Løseth til NRK.

Dermed ryk sesongopninga i storslalåm i Sölden i Austerrike 27. oktober.

– Sölden kjem alltid litt kjapt på uansett. Men sånn «timingmessig» er det litt uheldig. Men rådet eg fekk var å stå over, for å vere smertefri resten av sesongen. Og då var valet ganske enkelt. Sesongen er lang, seier Haver-Løseth vidare.

– Uflaks

NRK møter 29-åringen på Olympiatoppen i Oslo. Ålesund-jenta er i gong med alternativ trening på overkroppen, og stabilitetsøvingar på kneet.

Skaden kom truleg etter at alpinisten pressa på for mykje på enkelte økter tidlegare i haust.

– Det var kanskje eit par val eg tok som ikkje var så smarte. Det var nokre treningsøkter som eg kanskje skulle stått over når eg byrja «å kjenne det».

– Men det er alltid vanskeleg å ta vurderinga for når du skal roe ned – og når du skal «køyre på». Eg trur det er rein uflaks og dårleg «timing», seier alpinisten.

Nina Løseth

FOR BRATT: Nina Haver-Løseth køyrer inn til 22. plass i fjorårets opning av verdscupen i Sölden.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Ingen favorittbakke

Spjelkavik-løparen er klar på at ho rekk sesongens andre konkurranse, slalåmen i finske Levi 17. november.

– Det er eg ganske trygg på. Då har eg tre ekstra veker å gå på etter Sölden. Det er ganske god tid, og eg slepp å stresse, seier Haver-Løseth, som har åtte pallplassar i verdscupen så langt i karrieren.

Den første verdscupsigeren kom i slalåm i Santa Catarina 5. januar 2016.

Den bratte løypa i Sölden har derimot aldri vore ein favorittbakke. I fjor blei det ein 22.-plass i sesongopninga.

– Ganske spesielt

Trass ein liten fartsdump i sesonginnleiinga er sunnmøringen entusiastisk.

– Eg er verken bekymra eller stressa. Treninga har vore vanvittig bra. Samlinga i Chile er noko av det beste eg har vore på. Eg føler det byrjar å skje ordentlege ting i skikøyringa mi, seier ho om den årlege treningssamlinga i Sør-Amerika.

– Det er god energi i heile laget. Det var ei skikkeleg kul samling. Det var gøy kjenne på i ein alder av 29, ler ho.

No må ho uansett sjå lagvenninnene konkurrere frå sofaen heime i Oslo.

– Det blir ganske spesielt. Men eg trur det kan gjere meg endå meir svolten. Eg prøvar å sjå på det som ein positiv ting, sjølv om det er kjedeleg og måtte stå over, seier Nina Haver-Løseth.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal