Norges U21-føresetnader klare
Kroatia slo Estland 4-0 i sin siste gruppekamp i kvalifiseringa til U21-EM neste år.
Laga spelar i Norges gruppe, og Norge møter Finland borte i ein avgjerande kamp fredag.
Kroatia leier gruppa med 22 poeng, og har spela ferdig. Finland er nummer to med 19 poeng, Norge nummer tre med 18, og med heimekamp mot Aserbajdsjan igjen tysdag.
Om Norge slår Finland fredag, er laget klart for EM med siger over Aserbajdsjan. Med norsk tap for Finland, er alt EM-håp ute.
Skulle Finland-Norge ende uavgjort, må Norge slå Aserbajdsjan med tre mål for å gå forbi Kroatia og ta EM-plassen.