NRK Meny
Normal

Norges nye skøytehåp: – Har trent som ein gal mann og blitt litt sprø

Sindre Henriksen blir ikkje stoppa av brot i ryggen. Søndag knuste han lagkompisane frå Fana og vann han sitt første NM-gull.

Henriksen

KOMET: Sindre Henriksen vann sitt første NM-gull i Bjugn i helga. Her under VM i russiske Kolomna i fjor.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

– Eg er veldig fonøgd med å vinne. Dette er ei stor barriere for meg. Eg har jobba hardt for dette, og endeleg skjedde det, seier Sindre Henriksen til NRK etter NM-gullet på 1500 meter.

Han har nettopp knust trenings- og klubbkameratane Sverre Lunde Pedersen og Håvard Lorentzen under NM i Fosenhallen i Bjugn.

Med tida 1.50.42 var han 47 hundredeler føre Lunde Pedersen, og 1.47 føre Lorentzen i «gigantduellen» under NM-helga.

– Eg har ikkje forstått det heilt sjølv endå. Det er veldig gøy. At det skulle skje så tidleg, hadde eg eigentleg ikkje forventa. Det er ganske tunge forhold her. Og eg har eigentleg ein teknikk som passar betre til glatt is, seier Henriksen.

Pedersen 2

SÅG OPP: Under NM i fjor såg Sindre Henriksen opp til Sverre Lunde Pedersen under meisterskapet i Stavanger. Denne gangen var rollene bytta. Håvard Bøkko (t.v) har trappa ned før denne sesongen.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Brot i ryggen

23-åringen frå Bergen har utvikla seg seint, men godt. Skøyteløparen er født og oppvaksen på Natlandsfjellet i Bergen, og har trent med klubbkameratane Sverre Lunde Pedersen og Håvard Lorentzen heile sitt liv. Henriksen er eit treningsprodukt.

– Nokre er tidleg ute, andre seint. Det gjeld berre å ha trua på at det er mogleg heile vegen. Eg har trent hardt for dette, sa han til Bergensavisen i fjor.

Det som få veit er at Henriksen pådrog seg eit brot i ryggen etter eit uhell på trening i fjor sommar. Men den nye kometen fra Fana IL trossa smertene, krummma skøyteryggen og fekk likevel gjennombrotssesongen sin i fjor.

– Det gjekk heldigvis bra fordi eg hadde jo gjennombrotssesongen min i fjor, fortel han.

– Må betre teknikken

I år er treningsdosene blitt høgare.

– Eg har trent som ein gal mann i eit par år. Det har gjort meg litt sprø, men det er verdt det når eg står med gullet her i dag, seier Henriksen til NRK.

– Oppkøyringa har gått betre i år enn i fjor. Eg har trent mykje og hardt. Og det trur eg vil gje resultat utover i sesongen. Eg håpar eg kan stå ut sesongen betre enn eg gjorde i fjor, held han fram.

Ida Njåtun

KONGEPOKAL: Ida Njåtun ble tildelt kongepokalen for sin innsats under Nm i Bjugn. Her frå fjorårets NM i Sørmarka Arena i Stavanger.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Neste mål for bergensaren er verdenscupopninga i Harbin i Kina 11.-13 november. Uttaket er ikkje gjort, men etter all sannsynlegheit blir han tatt ut.

– No er det berre å jobbe godt vidare og halde kontinuitet i arbeidet. Så trur eg dette blir veldig bra. Må berre finpusse teknikken litt meir, seier Sindre Henriksen.

Kongepokal

Kvinnenes 1500 meter blei vunne av Ida Njåtun som slo Hege Bøkko i siste par i Fosenhallen. Njåtun vann på tida 2.03,27, mens Bøkko tok sølvet med 2.05,39. Sofie Karoline Haugen ble nummer tre med 2.07,61.

Kongepokalane gjekk til Ida Njåtun og Håvard Lorentzen. Lorentzen vann 500 og 1000 meteren under meisterskapen i Bjugn.

Siste nytt

  • Chris Froome sikret seieren

    Chris Froome sto imot alle angrep på siste fjelletappe i Giro d'Italia og forsvarte den rosa ledertrøya. Søndag sykler han i mål i Roma som sammenlagtvinner.

    Froome vil dermed være regjerende mester i alle de tre Grand Tour-rittene.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Riccardo i pole position

    Red Bull-føraren Daniel Riccardo var best i kvalifiseringa og startar fremst i Monaco Grand Prix søndag. Ferraris Sebastian Vettel startar ved sida av Riccard i løpet. Vettel vann løpet i fjor.

    Monaco Grand Prix er einaste formel 1-løpet som går i bygater, ikkje på spesielle baner.

    Monaco Grand Prix
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP
  • Skadetrøbbel for Pedersen-rival

    Tyske Pamela Dutkiewicz må utsette sesongstarten på grunn av en skade, melder hun selv på Instagram

    Dutkiewicz tok VM-bronse i fjor, og er Pedersens største konkurrent i EM i sommer.

    Germany's Pamela Dutkiewicz
    Foto: Andrej Isakovic / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Stabæk - Sandviken
Sportslørdag: Opprykkskamp engelsk eliteserie og mesterliga semifinaler håndball menn
Mesterligaen: Finale Real Madrid - Liverpool
Friidrett: Diamond League fra Eugene
Friidrett: Diamond League fra Eugene
Friidrett: Diamond League fra Eugene