– Første målet vårt var å halde oss i VM. Det har vi klart. No er vi også godt på veg til kvartfinale. Dette skal vi nyte, så skal vi kome sterkt tilbake i morgon også, seier Mathis Olimb.
I morgon betyr kamp mot Danmark. Det er nest siste kamp i gruppespelet, og ein ny kamp Norge må vinne for å få vere med i kvartfinalene.
– No lever iallfall kvartfinaledraumen, og vi rykkjer ikkje ned, seier Anders Bastiansen til NRK.
– Litt «gufne» av og til
– I dag var vi gode både i overtal og undertal, og det er slike detaljar som avgjer, seier Bastiansen.
– Kvifor var sigeren i dag så viktig?
– Fordi vi no ikkje lenger rykkjer ned, og fordi vi på førehand visste at dette var ein av kampane vi måtte vinne for å kunne gå til kvartfinalen, seier Jonas Holøs, scorar av det siste målet like før siste pause.
Alle dei norske scoringane kom i overtalsspel.
– Det var greit å stå bak der i dag. Dei var litt gufne av og til, dei er tekniske og gode spelarar. Men vi fighta godt framfor mål, så det verka trygt for meg, sa målvakt Lars Haugen til MAX.
Utnytta overtalsspelet etter ni sekund
Patrick Thoresen sende Norge i føringa etter 8.23 i første periode, og etter berre ni sekunds overtalsspel. Mathis Olimb skaut, og Thoresen styrte pucken i mål.
Leiinga heldt perioden ut, men etter berre 15 sekund av midtperioden var det balanse. Ole Kristian Tollefsen mista markeringa på sin mann, og Jan Mursak fekk fri bane mot mål.
Video: Sjå Thoresens scoring. Les vidare under videoen
– Var ikkje planlagt
Men det varte berre tre og eit halvt minutt. Slovenias Luka Vidmar vart utvist for høg kølle. Norge låg lenge inne i boksen i overtalsspelet, og 11 sekund før Slovenia skulle ha fullt lag, fekk Anders Bastiansen det rommet han trong for å sette pucken mellom beina på Slovenias keeper.
Og som om ikkje det var nok: Drygt to minutt før perioden var slutt fekk Norge sitt tredje overtalsspel for dagen. Og etter 1.09 med ein mann meir på isen kombinerte Mathis Olimb og Jonas Holøs, og sistnemnde smelte i veg pucken frå blålinja – mellom beina på keeper.
I tredje periode satsa Norge på å ha defensiv kontroll. Det fungerte godt, og då Slovenia tok ut keeper, sette Niklas Roest pucken i stolpen.
Norges neste kamp er mot Danmark i morgon. Det blir ein ny «må vinne»-kamp i kampen for å gå til kvartfinalen.
– Det blir alltid litt ampert når vi møter danskane. Det er fordi vi er jamngode og ønskjer sterkt å slå kvarandre, seier Olimb.
Video: – No drøymer vi om kvartfinale, seier Anders Bastiansen